Løyver 1 million kroner til kulturtiltak

Person som sitter på en parahockeykjelke i fullt hockeyutstyr.
B-VM i Para-ishockey april 2024 var et av tiltakene som fikk støtte. Foto: FOTOGRAFIA INC./Getty Images

Publisert:

09.10.2024

Oppdatert:

09.10.2024 kl.13:21

Hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit i Telemark fylkeskommune deler ut 1 million kroner til ulike kulturtiltak i fylket.

Det vart vedteke i møtet i utvalet 1. oktober.

–Eg er veldig fornøgd med at eit samstemt utval støttar gode kulturtiltak i fylket. Det skjer så mykje positivt i Telemark, og det er fint at vi som utval kan bidra, seier leiar i utvalet Hilde Alice Vågslid.
 
Tildelingane går til følgjande tiltak:
 
Samarbeidsavtale med Gjerpen handball:
Telemark fylkeskommune inngår ein samarbeidsavtale med Gjerpen Håndball.
Gjerpen Håndball blir tildelt totalt kr 300.000 kroner for 2024 og 2025. Det sest på fleire moglege samarbeidspunkt i samarbeidsavtalen. Mellom anna eit samarbeid med vidaregåande skular og samarbeid med andre klubbar i regionen. 
 
Søknad om tilskot til gallapremiere for filmen Nr. 24
Nr. 24 er ein spelefilm om Gunnar Sønsteby frå Rjukan. Produksjonsselskapet Motion Blur ønskjer ein spesialtilpassa gallapremiere på Rjukan i forkant av i forkant av filmlanseringa 30. oktober. Hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit løyver 100 000 til Nr. 24
 
Søknad om støtte etter B-VM i Para-ishockey april 2024
B-VM i Para-ishockey vart arrangert i Skien 12.-21. april 2024. Det var under arrangementet stort engasjement og fleire hundre tilskodarar på mange av arrangementa. I etterkant blir det rapportert at fleire barn og unge har byrja med ordinær ishockey. 
 
Norges ishockeyforbund får 100 000 kroner i støtte etter B-VM i Para-ishockey 2024, for å bidra til at arrangementet kjem i mål økonomisk. 
 
Prøveprosjekt i samband med rehabilitering av kunstgrasanlegget på Fossum arena
Kunstgrasanlegget på Fossum arena har vore i bruk som heilårsanlegg sidan 2010. I samband med rehabilitering av anlegget ønskjer Fossum IF å sjå på dei miljømessige utfordringane med gummigranulat på eksisterande banar. 
 
Fossum IF ønskjer å teste ut miljøvennleg fyll på kunstgrasbanane sine. Det blir løyvd 100 000 kroner til eit prøveprosjekt med rehabilitering av kunstgrasanlegget på Fossum Arena.     
 
Søknad frå Kragerø Faste Billedgalleri
Kragerø faste biletgalleri har bygd opp ei samling med omtrent 60 verk med sentrale kunstnarar i norsk kunsthistorie som Theodor Kittelsen, Fritz Thaulow, Wilhelm Peters og fleire. I 2024 er galleriet 10 år og samlinga skal installerast som ei fast visning. Dette monteringsarbeidet medfører nokre ekstra kostnader. Kragerø Faste Billedgalleri får ei ekstraordinær tildeling på 100.000 kroner. 
 
Krisesøknad frå Kragerø kunstskule
På grunn av endringar i finrekneringen i av private skular mistar Kragerø Kunstskole ein del av inntektsgrunnlaget. Skulen jobbar aktivt med å finne løysingar på dette. Hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit kjem krisesøknaden i møte frå Kragerø Kunstskole og løyver 300 000 kroner til skulen.