Velkommen til open skule tysdag 5. september frå kl. 15.30
Skulen har fått nyoppussa fellesareal og nytt ventilasjonsanlegg.
I høve ferdigstillinga inviterer me entreprenørane, presse, politikarar, samarbeidspartnerar, elevar, føresette og elles alle som har lyst til å sjå skulen vår, for å vise kor flott det har blitt.
Me vil nytte høvet til ei offisiell opning og å takke dei som har bidrege til realiseringa av dette.
Program
Kl. 15.30:
•Servering av bobler og noko attåt
•Høve til å handle varmmat og anna i den nyoppussa kantina vår.
•Mingling og omvising
Kl. 16.30:
•Offisiell opning v/fylkesordførar Terje Riis-Johansen
Kl. 16.45:
•Taler og anna
•Høve til å sjå seg rundt og omvising fram til kl. 18.00.