På Fen i Nome finst Europas største førekomstar av sjeldne jordartmetall. Ei framtidig gruvedrift her er av internasjonale interesse, samtidig som det vil få lokale konsekvensar av både positiv og negativ art.
–Vi vart tidlegare i år utfordra til å vurdere alternativ lokalisering for ein mineralpark utanfor Nome. Det var ei utfordring vi tok, fortel fylkesordførar Sven Tore Løkslid.
Overordna
Asplan Viak har, på oppdrag frå Telemark fylkeskommune, utført ei overordna kartlegging av andre aktuelle stader for gruveindustri, i ein radius på inntil 10 kilometer frå Fensfeltet.
Område i både Skien, Drangedal og Midt-Telemark er vurdert etter ei rekke kriterium innanfor desse fire kategoriane:
- Topografi og arealstorleik
- Geografiske og logistiske krav
- Samfunns- og arealbrukomsyn
- Miljø- og naturomsyn.
No er rapporten klar.
–Den konkluderer med at det ikkje er finst andre opplagde område for gruveindustri utanfor Nomes kommunegrenser. Det kjem først og fremst av at også desse stadene ligg innanfor Herrevassdraget, eit område som er verna av Stortinget, forklarer Løkslid.
Ein støttespelar
I kommunestyret i Nome 21. april skal lokalisering av mineralpark og vidare prosess diskuterast.
–Vi ønskjer å vere ein god støttespelar for Nome kommune, mellom anna gjennom partnarskapet vårt Fensfeltet. Målet vårt er ein berekraftig gruveindustri der mest mogleg av verdiane kjem regionen vår til gode. Denne rapporten er eit av fleire tiltak for å sikre at avgjerder blir tekne på eit godt faktagrunnlag, seier Løkslid.
Han legg til at rapporten underbyggjer at alternativa Nome har foreslått er dei meste realistiske.