Ga 2,8 mill til Kragerøbanen og ein halv til Bakkestranda

Bildet viser en stor statue i betong
Bakkestranda er eit viktig friluftsområde i Skien, og fylkespolitikarane løyvde 457 000 kroner til nye benkar med meir. Skulpturen Rottejomfruen er eit "landemerke" på Bakkestranda. Foto: Kristin Berge

Av:

Kristin Berge

Publisert:

08.02.2024

Oppdatert:

08.02.2024 kl.14:57

Drangedal kommune vil gjere om Kragerøbanen til turveg og friluftslivsområde. Det syns fylkespolitikarane er ein god ide!

– Me var ein samstemt gjeng som vedtok fylkesdirektøren sitt framlegg, fortel Hilde Alice Vågslid (Ap). Ho er leiar for hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit i Telemark fylkeskommune.

– Drangedal kommune søkte om noko meir enn dei fekk, men med 2,8 millionar kroner kjem dei nok eit godt stykke på veg, meiner ho.

Positiv utvikling

Merkebekk stasjon skal opne for publikum; overnatting, historieformidling og sommarkafe er blant planane. Før ein kjem så langt må ein gjere litt usynlege, men nødvendige tiltak som drenering og brannsikring. Sjølve driftsbygget Merkebekkbua skal bli kvilebu og toalett – universelt utforma og tilgjengeleg for alle.

150 sikra område i Telemark

Det er i kommunar og interkommunale friluftsråd som kan søke støtte frå ordninga «tiltak i statleg sikra friluftsområde» - område staten har skaffa seg råderett over for å sikre at alle kan nytte friluftsområda. I alt er det 150 slike område i Telemark, dei fleste langs kysten. Midlane kjem årleg til fylkeskommunen frå Miljødirektoratet, og fylkespolitikarar strå fritt til å fordele dei, men midlane skal fremme friluftsaktivitet og gjere områda tilgjengelege og attraktive for allment friluftsliv. I år var rammetilskotet på 3 650 000 kroner, og det kom 18 søknader. Alle blei innfridd, sjølv om Drangedal ikkje fekk heile søknadsbeløpet. Søkarane er ansvarleg for drift- og vedlikehald av områda dei rustar opp.

Stor sum til Bakkestranda

Kragerø kommune var 150 000 kroner til utedoen på kystledhytta på Lille Kirkeholmen. Skien kommune får 457 000 kroner til Bakkestranda. Målet er å oppgradere utemøblementet som blant anna inkluderer benkar, grillar, søppelbøtter og infotavler.
Infotavler blir det også på Kverndammen i Skien og Porsgrunn. Det er Grenland friluftsråd som har søkt om 63 000 kroner i stønad til å sette opp tavler i det gamle kvernområdet.
Bamble kommune har fått gjennomslag for fleire av søknadene sine, blant dei oppføring av trapp og landgang frå brygge til strand på Skokleøya.

Her kan du sjå heile oversikten over kva politikarane gjekk inn for.