Friluft for 950 000 kroner

Bilde av fjell og fjord og høstfarger
Aktivitetar for barn og unge, helst i nærmiljøet blei prioritert då friluftsmidlar blei delt ut. Bildet er frå Bossnuten i Rauland. Foto: Kristin Berge

Av:

Kristin Berge

Publisert:

08.02.2024

Oppdatert:

08.02.2024 kl.14:53

– Det var mange gode søknader, og me skulle ønskje potten var dobbelt så stor. Eg syns likevel me får mykje friluft for pengane.

Det seier Hilde Alice Vågslid (Ap) etter møtet i hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit på Notodden onsdag. Vågslid er leiar for utvalet som samrøystes gjekk inn for fylkesdirektøren si innstilling i saka.

– Eg syns det er spesielt bra at vi klarte å prioritere tiltak som rettar seg mot dei yngste blant oss, seier ho.

«Eg syns det er spesielt bra at vi klarte å prioritere tiltak som rettar seg mot dei yngste blant oss.»

- Hilde Alice Vågslid

Midlar til friluftsliv

Midlane politikarane i hovudutvalet fordelte i møte onsdag, kom via statsbudsjettet. Tilskotsposten kom som ei overføring via Miljødirektoratet, og midlane skal gå til friluftsformål og tilskot til friluftsaktivitetar. Målet er å auke deltakinga i helsefremjande aktivitetar og miljøvenleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.

Dei som kunne søke, var friviljuge organisasjonar og interkommunale friluftsråd. Prioriterte tiltak er dei som stimulerer til direkte friluftsaktivitet. Det kan vere alt frå turar og leirar til kurs og opplæring i friluftsliv. Det også vere til innkjøp av utstyr og materiell som kan gjere turane betre.

Prioriterte dei yngste

Hovudutval for kultur, folkehelse, tannhelse og idrett vedtok prioriteringane i fjor, og gjeld for det nye utvalet i Telemark fylkeskommune. Barn, unge, barnefamiliar og nye brukargrupper skulle prioriterast. Det var noko ungdomsrådet sette stor pris på då dei behandla saka 31. januar.

– Me ser positivt på at barn og ungdom blir prioritert i tildeling av midlane, sa Sondre Callaerts som er medlem i rådet. Han fekk med seg dei andre i rådet til å ta med denne uttala i vedtaket.

Gratisprinsippet og aktivitetar i nærmiljøet blei også vektlagt då dei 18 som søkte blei vurderte. Den totale søknadssummen var på 1 993 455, mens det berre var 950 000 til fordeling.

– Me håpar og trur me får maks ut av pengane med denne fordelinga, konstaterer Vågslid.

DNT med gode tiltak

Den norske turistforeining (DNT) blei den store vinnaren i denne tildelingsrunden. Dei får midlar til eit stort turopplegg for alle 8. trinnselevar i fylket, 285 000 kroner. Dei får også pengar til andre tiltak: DNT Junior 55 000 kroner, DNT-skolen 148 000 kroner, Turbotråkk 80 0000 kroner og i tillegg får organisasjonen 65 000 kroner til kurs og kompetanseheving.

Skogselskapet Buskerud og Telemark får 113 000 kroner til skuleskogdagar, mens Grenland friluftsråd får 30 000 kroner til turkalenderen Naturlos som blir distribuert til alle husstandar i Grenland som brosjyre.

Lurar du på kven andre som får? Her kan du sjå heile lista over kven som søkte og kven som fekk