Kulturtilbod for barnehagar

Den kulturelle skulesekken har eit godt kulturtilbod for barnehagar.
Mann med gitar spiller for barn
Henning Waaler Kemp fra Plopp spiller konsert i barnehage.
Foto: Kristin Berge Telemark fylkeskommune

Telemark fylke har hatt barnehagekonsertar sidan 1990-talet, og gradvis har ordninga vorte utvida til å omfatte fleire kunstuttrykk, som scenekunst, litteratur og visuell kunst. 

Varierte kulturopplevingar opnar nye verder og inspirerer til kreativitet og læring. Felles opplevingar gir felles referansar, og styrkjer inkludering, fellesskap og samhald. Ved å spreie tilbodet ut til heile fylket, bidreg ordninga til å jamne ut både sosioøkonomiske og geografiske forskjellar.

Kulturtilbod for barnehagar har lenge vore eit prioritert tiltak i Telemark fylkeskommune og målet er at alle barn får kulturelle opplevingar av høg kunstnarisk kvalitet i trygge omgivnader (sin eigen barnehage).

I 2023 vart det vist meir enn 400 framsyningar for eit samla publikumstal på rundt 14000 barn i aldersgruppa 3-6 år i Vestfold og Telemark. Om lag halvparten av desse framsyningane fann stad i Telemark. 112 barnehagar (70 prosent) tok del i ordninga, og dei fleste fekk to kulturopplevingar.

Kulturtilbodet for barnehagar vert finansiert med fylkeskommunens eigne midlar, i påvente av ei nasjonal ordning.

For meir info om ordninga kan du kontakte Rønnaug Flatin, ronnaug.flatin@telemarkfylke.no

 

Publisert: 27.11.2023 Oppdatert: 16.04.2024 kl.15:48