Fv. 3320 og fv. 3324 Fjågesund og Omnes

Fylkesvegane ved Omnestunnelen på fv. 3320 og Fjågesundtunnelen på fv. 3324 skal sikrast. I tillegg skal det byggast nytt rasoverbygg på fv. 3324.
Det gamle rasoverbygget skal erstattes av et nyere og kraftigere overbygg. Det nye overbygget blir 25 meter lenger enn det gamle.
Foto: Tor Arvid Austråt Gundersen

Målet er både å auka trygginga for trafikantane, men også redusera tal stengninger på grunn av skred og fara for skred.  Ved Omnestunnelen skal den vestre portalen byggast ny, medan Fjågesundtunnelen vil få bytt begge portalane. Begge stader vil dei nye portalane blir gjorde 12-15 meter lengre, slik at dei betre kan forhindra at is fell ned i vegbanen.  

Kraftig overbygg


Rasoverbygget i tre er gammalt og skal rivast.  Det nye byggast skal byggast med betydeleg høgare styrke i betong. Bygget skal òg forlengast med om lag 25 meter.  Konstruksjonen vil vera med ein kraftig horisontal betongplate som tak, på denne igjen vil det bli lagt ei bufferpute av jord og stein som skrår ut mot vatnet.  Bufferen vil både fungera ved å ta dempa fallet frå nedfall, men den vil òg styra nedfall vekk frå konstruksjonen og utanfor vegbanen.

Stengd veg


Det blir nødvendig å stenga vegen medan delar av arbeidet pågår, det vil derfor medføra noko ulemper for brukarar av vegen.  Terrenget ved alle stader gjer det umogleg å laga mellombelse vegar forbi arbeidsområdet, derfor vil det bli lange omkøyringsvegar for nokre trafikantar medan bygginga pågår. 

Vi skal og bygge tunnelportaler
Caption

 

Oppdatert: 19.12.2023 kl.14:59

Fakta

Rasoverbygg:  Erstatter gammelt + 25 meter

Fjågesundtunnelen:     Portal 12-15 meter begge sider

Omnestunnelen:   Portal vest 12-15 meter

Kommuner:   Kviteseid og Nome

Utlysning:     Antatt 2024

Start:     2024

Ferdig:    2025

Prosjektleiar:

Anne Refsdal  Tlf  97 74 17 97

E-post: anne.refsdal@telemarkfylke.no

Kommunikasjonsrådgivar:

Tor Arvid Austråt Gundersen Tlf 97 07 96 28

E-post: tor.arvid.gundersen@telemarkfylke.no

 

 

 

 

Flere saker om Fv. 3320 Omnestunnelen og Fv. 3324 Fjågesundtunnelen