Fv. 450 Vrengen bru

Vrengen bru på fylkesveg 450 i Eidsborg skal erstattes av ny bru. Nå starter arbeidet med å lage reguleringsplan.
Fylkesveg 450 Eidsborg ved Vrengen bru som skal erstattes. Ny reguleringsplan lages.
Foto: Tor Arvid Austråt Gundersen

Dagens bru er både gammal og sliten, ho skal derfor pensjonerast.  På grunn av den dårlege tilstanden er maksimal aksellast 8 tonn. Vegen er smal og går i dag i krappe svingar tett på busetnaden i området, rett nedanfor Eidsborg stavkyrkje. Fylkesveg 450 byrjar ved krysset med europaveg 134 i Høydalsmo og held fram ned Eidsborgberget til Dalen og vidare ut av Telemark via Skafsåheia.  Vegen blir dermed starten på den populære turistvegen gjennom Suleskar til Rogaland.


Gjennom myr


I staden for å byggja ny bru der dagens bru er, blir vegen planlagd lagt om i ein trasé som unngår dei krappe svingane og busetnaden. Dette betyr om lag 270 meter ny veg, pluss tilpassing inn mot eksisterande veg i kvar ende.
Den nye vegen vil gå gjennom eit myrområde.  Det skal også lagast ei fjellskjering. 
Kartskissa på denne sida viser området som blir ønskt regulert for å få plass til både vegen og sjølve bygginga av vegen.  Etter kvart som arbeidde med planen skrir fram, kan avgrensinga bli endra noko frå kva kartet no viser.

Reguleringsområdet kan avvike fra kartskissen
Området ved Eidsborg som skal reguleras


Ønskjer innspel


Alle som ønskjer kan komma med innspel til planarbeidet som startarn no. Slike innspel kan sendast skriftleg innan 25. mai og merkast «Fv. 450 Vrengen bru» til :


Telemark fylkeskommune, Postboks 2844, 3702 Skien, eller på e-post til: post@telemarkfylke.no.

Innspel kan sendast som kopi til Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen, eller ved e-post til postmottak@tokke.kommune.no.

Innbyggjardialog i 3D


Berre ein gong før har eit nytt interaktivt verktøy også vorte brukt til å samla inn innspel frå byggjarane.  Dette verktøyet blir kalla for «Innbyggjardialog i 3D».  Dette ligg på ei eiga nettside som du finn ved å trykkja på denne lenkja her.   Når du kjem inn på denne nettsida vil du kunna navigera rundt i kartet og studera korleis det ser ut.    Ved å peika på eksakt punkt du har eit innspel om, kan du senda innspelet direkte til oss.  Eller du kan berre senda innspel om heile planen om du ønskjer det.