Fv. 3408 Bergstøyl-Ristøyl

Vei forsvinner innover i bildet fra høyre mot venstre, Skogområde og snødekt fjell i bakgrunnen.
Foto: Tor Arvid Austråt Gundersen

Av:

Tor Arvid Austråt Gundersen

Publisert:

17.11.2022

Oppdatert:

19.12.2023 kl.14:45

Fylkesveg 3408 gjennom Byrte skal sikrast mot snøskred ved Bergstøyl og Risstøyl i Tokke kommune.

Reguleringsplanen for sikringsprosjektet vart vedteken i kommunestyret den 28. mars i 2023. Frå før er det eit heilt nytt skredvarslingsanlegg frå 2022 ved Heggtveitrøti som slår ut ved rørsler i snøen. Det bur relativt få personar i området, men busetnaden er slik at ved enkelte tilfelle vil bebuarane bli sperra inn om det går skred på begge stader samtidig.

To vollar


I dette prosjektet er det regulert to vollar som skal fange opp snøen når han sklir ut frå fjellet.Vegen gjennom Byrte blir brukt i størst grad av fastbuande, men han er òg det naturlege valet for trafikk som kjem frå øvre delar av Vinje og som skal til Dalen. Etter at vegen har vorte reasfaltert og noko oppgradert har aktualiteten for slik gjennomgangstrafikk auka. Etter at reguleringsplanen er vedteken, er arbeidet med å detaljprosjektere skredsikringa i full gang. Dette arbeidet blir utført av Vestfold og Telemark fylkeskommunes eigne planleggjarar.

 

Byggestart 2024

Prosjekteringa vart ferdig hausten 2023 og konkurransen om kven som skal få tilslaget om å byggje vart lyst ut heilt på tampen av året.  I løpet av den første tida av 2024 vil det avgjerast kven som får kontrakten. . Det fysiske arbeidet med å byggje opp vollane kan berre utførast når det er snøfritt. Om alt går etter planen skal arbeidet kunne byrje når snøen er smelta våren eller forsommaren 2024.Fordi alt arbeidet vil gå føre seg utanfor vegbanen, vil trafikken på fv. 3408 bli lite forstyrra i byggjeperioden

 

 

Fakta

Vei:                  Fv 3408

Lengde:           To skredpunkt langs fv 3408 Bergstøyl og Risstøly

Fase:                Reguleringsplan

Finansiering:   Telemark fylke

Byggestart:   2024      

Kontakt

Ved spørsmål, ta kontakt med:

Prosjekteringsleiar

Lisbeth Lehn Fosse

E-post: lisbeth.lehn.fosse@telemarkfylke.no

Telefon: 959 14 511

Kommunikasjonsrådgivar

Tor Arvid Austråt Gundersen

E-post: Tor.arvid.gundersen@telemarkfylke.no

Telefon: 970 79 628


Emneord:

Samferdsel