- Det er første gong vi satsar på unge telemarkingar på denne måten, seier fylkesordførar Sven Tore Løkslid. Fem unge talent får no høve til å vidareutvikle det kunstnariske arbeidet sitt, med eit stipend på 40.000 kroner kvar.
Målet med stipendet er å bidra til å byggje Telemark som kulturfylke og gi inspirasjon og høve til vidare satsing og personleg utvikling for unge utøvarar.
- Det er stas å kunne gi denne støtta til unge, kreative krefter frå fylket vårt. Med desse stipenda bidreg vi i utviklinga av framtidas kulturutøvarar. Vi gler oss til å følgje dei i åra framover, seier Løkslid.
Det var 27 unge kulturutøvarar som søkte på stipendet. Blant søkjarane var det flest innan musikk, men det var også søknader frå dans, visuell kunst, musikal og film.
Dei fem mottakarane er:
Guro Thronæs-Sivertsen, Porsgrunn f. 2003. Musikk (klassisk song).
Guro fullfører sin bachelorgrad i utøvande klassisk song ved Noregs musikkhøgskule denne våren, og byrjar på masterstudiet ved Operaakademiet i København til hausten. Ho har allereie vunne fleire store stipend og prisar, og har blitt vald ut til å syngje på prestisjetunge meisterklasser og internasjonale sommarakademi, blant annet ved Festspillene i Bergen og Universität Mozarteum Salzburg. Ho har òg vore med i Dronning Sonja Sangkonkurranses talentutviklingsprogram.
Guro ynskjer å nytte stipendet til songtimar, kurs og studieturar for å vidareutvikle teknikk og formidlingsevne, og til deltaking i konkurransar.
Nea Ekre Dalsegg, Skien f. 2005. Dans.
Nea har vore elev ved danselina på Skien vidaregåande skule, og tar no ein bachelor med spesialisering i samtidsdans ved London Studio Centre. Ho har vore med i fleire forestillingar med Telemark Barne- og ungdomsteater og Skien Ballett og Dansesenter, og ho var medskapande dansar i siste del av NORA sin trilogi «Utenforskap» i 2024.
Nea ynskjer å nytte stipendet til å dra på studietur til Broadway, New York, og delta på sommarskulen ved Martha Graham School of Contemporary Dance.
Angell Solberg Tveitan, Gransherad f. 2007. Musikk (death metal, progressiv/black metal).
Angell er elev ved musikklinja ved Skien vidaregåande skule. Han har vore med på Notodden Musikal og vore bandleiar under Julerock Notodden. Gjennom talentprogrammet «Notodden Talents» har han spilt inn to utgjevingar med eigenkomponert musikk og fått gode tilbakemeldingar frå inn- og utland. Angell var òg med på trommer og piano i bandet til systera Ariadne, som oppvarmingsband for metalbandet Leprous på turné i Skandinavia i fjor haust.
Angell er ein allsidig musikar, som spelar piano, gitar, bass, trommer og syng musikk som han komponerer og arrangerer sjølv. Han opptrer på de største festivalane og scenane innan sin sjanger, og har markert seg internasjonalt. Og i sommer skal han spille på Tons of Rock (Norges største musikkfestival).
Angell ynskjer å nytte stipendet til innkjøp av in-ear monitor og trådlaust gitarsystem for å vidareutvikle og styrke kvaliteten på konsertane sine.
Ariadne Solberg Tveitan, Gransherad f. 2005. Musikk (mørk alternativ rock/pop).
Ariadne har gått på musikkskolen LIMPI (Lillehammer Institute of Music Production and Industries), og tar no bachelor i låtskriving og musikkproduksjon ved Høgskulen Kristiania. Ariadne har produsert singlar, EP og kring 100 demoar, og nokre av låtane hennar har kome inn på internasjonale spelelister. Ariadne har fleire gonger spela på Notodden Blues Festival og hadde ei av hovudrollene i Notodden Musikal si oppsetjing av «Chess». Med eigen musikk har ho vore oppvarmingsband for metalbandet Leprous på turné i Skandinavia i fjor haust.
Stipendet skal brukast til honorar til band ved øving, reise og konsertar, samt innspelingskostnader og produksjon. Ariadne skriv at ho ynskjer å etablere seg som ein kompromisslaus artist med ei sterk, eigenarta stemme og at stipendet vil hjelpe ho med å utvikle prosjektet vidare på eigne premissar.
Daniel Norland Gundersen, Skien f. 2004. Musikk (trompet).
Etter musikklinja ved Skien vidaregåande skule, tok Daniel eit år med juniorkorpspedagogikk før han byrja å studere ved Griegakademiet i Bergen. Han er vikargodkjent i alle forsvarskorpsa i Noreg og i Bergen Filharmoniske Orkester, og har deltatt i Norsk Blåsesymfoni. Daniel spelar òg i Dragefjellets musikkorps som konkurrerer i elitedivisjonen og er eit av Noregs beste korps. I tillegg til å vere ein svært dyktig trompetist, er Daniel korpsdirigent og kulturskulelærar, og han har mykje erfaring med å arrangere musikk. Han har blant anna skrive arrangement for Musikkforeningen Suoni, Telemark Barne- og ungdomsteater og WOW produksjonar.
Daniel ynskjer å nytte stipendet til reparasjon og vedlikehald av trompet, innkjøp av musikkutstyr, speletimar og reise.
Stipendet vart tidlegare gitt til vaksne, etablerte kunstnarar, men hovudutvalet for kultur, reiseliv og frivilligheit ønskt å endre dette for å hjelpe unge talent i starten av karrieren.