Den nye leiarduoen frå fylkeskommunen er på plass

Kvinne og mann poserer foran en logoen til Telemark fylkeskommune i gul og svart logo på veggen bak dem.
Den nye lederduoen i Telemark fylkeskommune Foto: Hege Gulseth

Av:

Hege Gulseth

Publisert:

16.09.2026

Oppdatert:

16.09.2026 kl.12:45

Terje Riis-Johansen (Sp) vart i dag formelt vald som ny fylkesordførar, medan Hilde Alice Vågslid (Ap) no er fylkesvaraordførar.

Eg er klar til å ta fatt på oppgåvene, seier Terje Riis-Johansen, som i dag vart vald som ny fylkesordførar.

Den erfarne Sp-politikaren har også tidlegare hatt rolla som fylkesordførar og han ser fram til å jobbe som øvste leiar for fylkeskommunen fram til valet i 2027.  

Partia som utgjer posisjonen, er eit samkøyrde lag og vi er samde om dei største prioriteringane. Så det vil ikkje bli radikalt annleis politikk framover, seier Riis-Johansen. 

Hilde Alice Vågslid går frå rolla som leiar av hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit til å bli varaordførar.  

Det blir spennande å løfte blikket og jobbe endå breiare med ansvarsområda frå fylkeskommunen, seier ho. 

Torgeir Bakken (Ap) går inn i rolla som leiar for hovudutvalet Vågslid no forlèt.