Dobla tilskotet til idrettsarrangement


Publisert:

02.10.2025

Oppdatert:

02.10.2025 kl.16:14

Det blir solide idrettsarrangement i 2026, for fylkespolitikarane bladde opp ekstra midlar. Det draup også på kulturarvformidling, DNT og internasjonal kulturutveksling.

Det blei ein god dag for 13 av 15 søkarar til tilskotsordninga for idrettsarrangement då Hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit i Telemark fylkeskommune hadde møte på Nutheim Gjestgiveri torsdag.

Ein spesielt fin dag blei det for fire av søkarane; utvalet løyvde spontant å bruke meir enn dobbelt så mykje på idrettsarrangement. Dermed fekk dei 1 560 000 kroner til fordeling, i staden for 700 000 kroner som administrasjonen hadde fordelt i forslaget sitt. Det kom spesielt Norsk motorklubb Grenland (200 000), Vestfold og Telemark idrettskrets (400 000), Paraveka (450 000) og Heddal idrettslag (500 000) til gode.

Her kan du sjå sakspapir og vedtak frå møtet

God investering

- Me veit jo at desse store arrangementa samlar mange barn og unge, men at det krev store økonomiske ressursar å få dei til. Då kjennest det godt å kunne løyve så det monar. Paraveka Idrettsfestival, for eksempel, får 450 000 kroner i staden for 150 000. Det trur me er ei god investering i framtida til dei utøvarane som skal vere med å oppleve meistring og idrettsglede der, seier Hilde Alice Vågslid, leiar for Hovudutval for kultur

Dei ekstra kronene tok politikarane frå hovudutvalets rammebudsjett. 

Hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit
MYKJE IDRETT OG KULTUR: Det blei mange vedtak som gagna idrett og kultur då Hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit hadde møte på Nutheim 2. oktober. Foto:Maja Foss Five

 

Ung støtte til tradisjonshandverk

Norsk håndverksinstitutt søkte om 540 000 kroner til prosjektet Ungt tradisjonshandverk som skal jobbe med å rekruttere unge til handverksfaga. Fylkesdirektøren meinte det ikkje var rom for å prioritere dette, men politikarane valde å lytte til innspelet frå Nickolai Markussen Sørbø i Telemark ungdomsråd. Han var til stades i møtet, og gjentok vedtaket i ungdomsrådet om å løyve 270 000 kroner til tiltaket. Det blei politikarane med på.

– Ved å gje støtte til dette prosjektet, vil det også gagne vidaregåande opplæring og potensielt auke engasjementet blant unge for tradisjonshandverk, sa han.

– Me syns det er fint at ungdomsrådet er engasjert, og det er viktig å høyre på meiningane og råda deira. Derfor valde me å ta av eige rammebudsjett til dette, seier Vågslid.

«Me syns det er fint at ungdomsrådet er engasjert, og det er viktig å høyre på meiningane og råda deira»

- Hilde Alice Vågslid

Kysthistorie og skeiv historie

Støtteordninga Formidling av kulturarv hadde ti søkarar, og åtte av dei fekk eit ja som samla var verdt 647 500 kroner. Hovudutvalet vedtok innstillinga fylkesdirektøren la fram.

Kragerø kystlag fekk 200 000 kroner. Dei formidlar kystkultur og handverk knytt til livet ved kysten gjennom kurs og alternativ skuledag. Skeivt historielag Telemark samlar inn livsminne i ein digital minnebank, som dannar grunnlaget for formidling og føredrag, artiklar og nettside.

– Det er mange gode og veldig forskjellige forslag til korleis kulturarven vår kan formidlast. Akkurat denne støtteordninga blir ikkje vidareført neste år, men blir sjølvsagt erstatta av andre ordningar, opplyser utvalsleiaren.

Sa ja til Gaustatoppen og DNT

Blant sakene hovudutvalet hadde til behandling, var ein søknad frå Den norske turistforeining, DNT. Dei søkte om 150 000 kroner til eit forarbeid til utbetring og utbygging av Gaustatoppen turisthytte. Dette sa hovudutvalet ja til, sjølv om fylkesdirektøren innstilte på avslag. Også her nytta utvalet sitt eige rammebudsjett. 

150 000 internasjonale kroner

Blant tilskotssakene politikarane hadde på bordet, var også Internasjonal kunnskapsproduksjon og kulturutveksling mede ein pott på 150 000 kroner. Dei som blei tildelt av denne ordninga var Linn Obrestad (55 000), Telemark museum (40 000), Ibsenhuset (40 000) og Margrethe Brekke (15 000).