I fylkestinget onsdag vedtok politikarane å setje av 1,8 millionar kroner årleg til regionalt nærings og attraktivitetsarbeid. Målet er å tiltrekkje seg kapital og større industrietableringar.
–Det handlar ikkje om å ete kanapear med dei rette folka, men om å jobbe analytisk og systematisk. Vi må finne dei aktørane som treng Telemark og dei aktørane som dei etablerte bedriftene våre treng for å utvikle seg vidare, seier fylkesordførar Sven Tore Løkslid.
Må finne «den rette»
Han legg ikkje skjul på at dette er langsiktig arbeid som må byggjast stein på stein.
–Nøkkelen er å samarbeide godt med vår allereie etablerte industri. Vi må vere samde om kva slags næringar som gir synergiar og som vi derfor ønskjer å trekkje til oss.
For målet er at nye og etablerte bedrifter skal finne kvarandre i sirkulære fellesskapar. Avfallsstoff frå ei bedrift kan til dømes bli til lønnsam produksjon for nokre andre. Green Mountain og Hima Seafood på Rjukan er eit godt døme på ein slik fellesskap.
Fylkeskommunen jobbar allereie med å matche bedrifter på denne måten, gjennom satsinga Sirkulære Telemark. No ønskjer vi å bidra endå meir i å leggje til rette for slike grøne og sirkulære verdikjeder.
Har mykje å by på
Løkslid trekkjer fram at Telemark har mykje å by på, både for bedrifter og investorar.
–Vi har snart ei av dei beste industrihamnene i verda, vi har unik kompetanse i å etablere prosessindustri og vi har restvarme frå ei rekkje datasenter for å nemne noko. Det er ein kjempeviktig jobb å synleggjere alle Telemarks fortrinn.
Første trinn i arbeidet framover er å høyre kva dei allereie etablerte bedriftene og organisasjonane i fylket vårt meiner det er behov for. I tillegg ønskjer ein å lære av andre som har jobba systematisk med denne typen forretningsutvikling over tid. Seinare i år vil ei ny sak bli fremja for fylkestinget der ei konkretisering av framtidig arbeid blir lagt fram.