Fleire søkjer yrkesfag

8 elever sitter i et auditorium med røde bøker i hendene og ser mot fotografen
Foto: Max Emanuelson/Telemark fylkeskommune

Av:

Marianne Follaug/Anne Lisbeth Odinsen

Publisert:

04.03.2024

Oppdatert:

12.07.2024 kl.11:33

Talet på søkjarar til vidaregåande opplæring og læreplass i Telemark er no klare. Tala viser at fleire søkjar yrkesfag.

Fristen for å søkja vidaregåande opplæring og læreplass gjekk ut 1. mars. Totalt er det 6175 søkjarar til vidaregåande skule i Telemark fylke. Av desse søkjarane er 247 søkjarar frå andre fylke som ønskjer å flytta til Telemark eller bli gjesteelevar. Det er 1031 søkjarar til læreplass/opplæring i bedrift. Av desse er 83 søkjarar frå andre fylke som ønskjer læreplass i Telemark.  

Søkjarar til Vg1

Til vidaregåande opplæring, trinn 1 (Vg1) er det totalt 2595 søkjarar. Av dei har  1565 søkt yrkesfag og 1030 søkt studieførebuande fag. I prosent fordeler det seg 60/40. Det er einauke i søkjartalet til yrkesfag frå tidlegare år.

Utdanningsprogrammet med klart flest søkjarar er Teknologi og industrifag. Det er også fleire jenter som søkjer dette programmet i år enn før. Informasjonsteknologi og medieproduksjon og Studiespesialisering har ein nedgang i talet på søkjarar samanlikna med tidlegare år.

Kjønnsmessig fordeler søkjartala seg slik:

  • Helse og oppvekstfag – kvinner 90% og menn 10%
  • Bygg og anleggsfag – kvinner 9% og menn 91%
  • Teknologi og industrifag – kvinner 22% og menn 78%
  • Studiespesialisering - kvinner 60% og menn 40%

 

(Merk at tala frå 2022 og 2023 er frå Vestfold og Telemark var eitt fylke, medan talet i år er berre frå Telemark).

Talet på søkjarar til Vg 1 utdanningsprogram med prosentvis fordeling

Utdanningsprogram

2022

 

 

 

2023

 

2024

 

Studiespesialisering

1807

30%

1861

31,5%

662

25,5%

Kunst, design og arkitektur

158

3%

131

2%

39

1,5%

Idrettsfag

505

8%

516

9%

221

8,5%

Musikk, dans og drama

164

3%

165

3%

57

2%

Medium og kommunikasjon

127

2%

94

1,5%

54

2%

Helse- og oppvekstfag

812

14%

781

13%

338

13%

Elektrofag

499

8,5%

444

7,5%

193

7,5%

Sal, service og reiseliv

284

5%

364

6%

154

6%

Teknologi- og industrifag

645

11%

672

11,5%

518

20%

Naturbruk

139

2%

127

2%

53

2%

Bygg- og anleggsteknikk

373

6%

369

6%

153

6%

Restaurant- og matfag

134

2%

131

2%

48

2%

Frisør, blomstrar, interiør og eksponeringsdesign

 

143

 

2,5%

 

135

 

2%

 

60

 

2%

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

203

3%

171

3%

48

2%

 

Søkjarar til Vg2

Som tidlegare år det mange som har søkt Vg2 Ambulansefag. Her blir nokre av plassane ved Skogmo videregående skole fordelt til vaksne søkjarar over 25 år.

Vg2 Industriteknologi har ein nedgang i talet på søkjarar.

Vg2 Kjemi prosess- og laboratoriefag har fleire søkjarar enn talet på plassar, og avgrensingar på framtidige læreplassar gjer at det blir vanskelegare å komma inn på dette utdanningsprogrammet.

Til kombiklassene har me totalt 143 søkjarar. Dette er eit tilbod til minoritetsspråklege som ønskjer meir opplæring på grunnskulen og som samtidig kan ta fag på vidaregåande nivå. Alle søkjarar vil få tilbod om plass.

Fagopplæring  

Det er 1031 søkjarar til læreplassar i Telemark i 2024. 948 av dei som har søkt er frå Telemark.

I tillegg er det 83 søkjarar frå andre fylke. 

Av dei 948 søkjarane frå eige fylke er  det 699 som har ungdomsrett (alder 16-24 år), og 249 vaksne (vaksen-/fullføringsrett eller brukt opp (ikkje rett)). Dei fleste vaksne er mellom 19 og 30 år.

 

Utdanningsprogram  

2024

Telemark

Teknologi- og industrifag

299

Helse- og oppvekstfag

186

Bygg- og anleggsteknikk

179

Elektro og datateknologi

121

Sal, service og reiseliv

70

IT og medieproduksjon

30

Restaurant- og matfag

29

Frisør, blomster, interiør, eksponeringsdesign

23

Naturbruk

9

Design og handverk

2

 Totalt  

948

 

Telemark fylkeskommune formidlar alle søkjarar frå eige fylke til dei lærebedriftene og opplæringskontora som er registrerte godkjende hos fylkeskommunen. 
 
Alle søkjarar til læreplass blir oppmoda til å vera aktive ved å ta direkte kontakt med bedrifter og opplæringskontor sjølv òg. 
 
Bedrifter som ønskjer å ta inn lærling eller lærekandidat kan finna informasjon om dette her Vil dere bli lærebedrift?, eller ved å ta kontakt med fylkeskommunen på e-post: fagopplaring@telemarkfylke.no