Talet på søkjarar til vidaregåande opplæring og læreplass i Telemark er no klare. Tala viser at flest elevar søkjer seg til yrkesfag, samtidig er det ein auke til studieførebuande samanlikna med i fjor.
Fristen for å søkje vidaregåande opplæring og læreplass gjekk ut 1. mars. Totalt er det 6241 søkjarar til vidaregåande skular i Telemark fylke. Dette er ein auke på 32 elevar frå 2025.
Av desse søkjarane er 234 frå andre fylke, men som ønskjer å flytte til Telemark eller bli gjesteelevar.
Søkjarar til Vg1
Til vidaregåande opplæring, vg 1, er det totalt 2591 søkjarar. Av dei har 1579 søkt yrkesfag (1604) og 1012 søkt studieførebuande fag (985). I prosent fordeler det seg 60/40. Det er ca same fordeling som i fjor. Fjorårstala i parentes.
Utdanningsprogram som Elektrofag og Teknologi og industrifag er godt søkt i år òg, medan Salg og reiseliv har ein liten nedgang. Studieførebuande utdanningsprogram som Idrettsfag og Medium og kommunikasjon har ein liten oppgang frå i fjor.
Kjønnsmessig fordeler søkjartala seg slik:
- Helse og oppvekstfag – kvinner 86% og menn 14%
- Bygg og anleggsfag – kvinner 17% og menn 83%
- Teknologi og industrifag – kvinner 20% og menn 80%
- Studiespesialisering - kvinner 59% og menn 41%
| Talet på søkjarar til Vg 1 utdanningsprogram med prosentvis fordeling |
||||
|---|---|---|---|---|
| Utdanningsprogram |
2026 |
2025 |
||
| Studiespesialisering |
610 |
24% |
600 |
23% |
| Kunst, design og arkitektur |
47 |
2% |
46 |
1% |
| Idrettsfag |
244 |
10% |
216 |
8% |
| Musikk, dans og drama |
62 |
2% |
84 |
3% |
| Medium og kommunikasjon |
49 |
2% |
39 |
1% |
| Sum studieførebuande |
1012 |
|
985 |
|
| Helse- og oppvekstfag |
363 |
14% |
373 |
14% |
| Elektrofag |
216 |
8% |
200 |
7% |
| Sal, service og reiseliv |
115 |
4% |
126 |
5% |
| Teknologi- og industrifag |
505 |
20% |
535 |
20% |
| Naturbruk |
71 |
3% |
62 |
2% |
| Bygg- og anleggsteknikk |
163 |
6% |
167 |
6% |
| Restaurant- og matfag |
38 |
1% |
36 |
1% |
| Frisør, blomstrar, interiør og eksponeringsdesign |
51 |
2% |
52 |
2% |
| Informasjonsteknologi og medieproduksjon |
57 |
2% |
53 |
2% |
| Sum yrkesfag |
1579 |
|
1604 |
|
Søkjarar til Vg2
Som tidlegare år det mange som har søkt Vg2 Ambulansefag. Her blir nokre fordelte av plassane ved Skogmo videregående skole til vaksne søkjarar over 25 år.
Vg2 Kjemi prosess- og laboratoriefag og Vg2 Anleggsteknikk har fleire søkjarar enn talet på plassar, og avgrensingar på framtidige læreplassar gjer at det blir vanskelegare å komme inn på dette utdanningsprogrammet.
Arbeidet med å tilpasse skuletilbodet startar no og blir vedteke endeleg av hovudutval for utdanning, folkehelse og tannhelse 23. april.
Søkjarar fordelte etter skule:
| Skule |
1. ønske søkjarar med ungdomsrett |
Totalt 1. ønske søkjarar |
||
|---|---|---|---|---|
| Rjukan videregående skole |
131 |
140 |
||
| Vest-Telemark vidaregåande skule |
189 |
198 |
||
| Notodden videregående skole |
482 |
521 |
||
| Bø vidaregåande skule |
298 |
302 |
||
| Nome videregående skole |
522 |
589 |
||
| Skien videregående skole |
967 |
986 |
||
| Hjalmar Johansen videregående skole |
628 |
718 |
||
| Skogmo videregående skole |
964 |
1 074 |
||
| Porsgrunn videregående skole |
957 |
1 021 |
||
| Bamble videregående skole |
370 |
380 |
||
| Kragerø videregående skole |
288 |
312 |
||
| Sum |
|
|
5 796 |
6 241 |
Søkjarar til læreplass
Det er 930 søkjarar til læreplass i Telemark i 2026. Det er 23 færre enn i 2025. 886 av dei som har søkt er frå Telemark og 44 er frå andre fylke. I 2025 var det 909 søkjarar frå Telemark og 44 frå andre fylke.
Av dei 886 søkjarane frå eige fylke i 2026 er det 743 søkjarar med ungdomsrett. (dei fleste i alderen 16-19, men kan vere opp til 24 år). 143 søkjarar er i kategorien vaksne. I 2025 var det 749 søkjarar med ungdomsrett og 160 vaksne søkjarar.
| Utdanningsprogram |
2026 |
2025 |
Differanse 2025-2026 |
|---|---|---|---|
| Teknologi- og industrifag |
314 |
302 |
+12 |
| Bygg- og anleggsteknikk |
183 |
182 |
+1 |
| Helse- og oppvekstfag |
140 |
156 |
-16 |
| Elektro og datateknologi |
111 |
129 |
-18 |
| Sal, service og reiseliv |
63 |
57 |
+6 |
| IT og medieproduksjon |
27 |
34 |
-7 |
| Restaurant- og matfag |
19 |
27 |
-8 |
| Frisør, blomster, interiør, eksponeringsdesign |
17 |
14 |
+3 |
| Naturbruk |
11 |
8 |
+3 |
| Handverk, design, produktutvikling |
1 |
0 |
+1 |
| Totalt |
886 |
909 |
-23 |
Telemark fylkeskommune formidlar alle søkjarar frå eige fylke, (sender søknader vidare), til lærebedrifter og samarbeidsorgan (opplæringskontor) som er godkjend. Desse vel kva søkjarar dei vil ta inn som lærlingar. Søkjarar til læreplass blir oppmoda til å vere aktive sjølv òg, ved å ta direkte kontakt med bedrifter og samarbeidsorgan (opplæringskontor). Ved spørsmål ta kontakt på e-post: formidling@telemarkfylke.no
Bedrifter som ønskjer å ta inn lærling eller lærekandidat kan finne informasjon om dette på nettsida. eller ved å ta kontakt på e-post: fagopplaring@telemarkfylke.no.