Stimulerer kulturlivet med 6,5 mill. kroner

Et symfoniorkester spiller foran et gult sveitserhus.
Villa Lunde scene fekk 100 000 kroner til Villa Lunde Festival, ein musikkfestival for opera med internasjonalt kjende kunstnarar. Foto: Villa Lunde

Av:

Kristin Berge

Publisert:

23.04.2026

Oppdatert:

23.04.2026 kl.13:41

Med eit regionalt blikk fordelte kulturpolitikarane 6,5 millionar kroner på 56 aktørar innan kultur, kunst, idrett og reiseliv.

Då hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit hadde møte 23. april, var blant anna tilskotssaker på agendaen. Politikarane fordelte 6,5 millionar kroner til aktørar innan kunst, kultur, idrett, reiseliv og frivilligheit.

- Eg syns vedtaka våre sørger for god breidde innan kulturfeltet, også geografisk, seier utvalsleiar Hilde Alice Vågslid.

Mange kvalifiserte

- Det var 141 søkarar til dei tre ordningane som har vore søkbare i vinter, og no har vi vedtatt at 56 av dei får innfridd delar eller heile søknaden. Som politikar ynskjer ein å stø fleire, for det er så mange som er kvalifiserte med gode tiltak, prosjekt og initiativ i dette fylket vårt. Fleire hadde fortent å bli prioritert og fått søtte, seier ho.

Les også 141 har søkt om kulturstønad - Telemark fylkeskommune

Imponerande breidde

- Sidan desse ordningane er retta mot ulike søkarar, er det ei god og imponerande breidde i søknadane. Vi finn alt frå reisedestinasjonar og stisykling til samtidskunst, handverk, stadutvikling, country-turne og kortfilm – for å nemne nokre få, seier ho.

I alt var det tre ulike tilskotsordningar som var oppe til diskusjon og vedtak. Regionale kulturfond er delt i to ulike søknadsordningar. 

I tillegg til innstillinga på til saman 6,1 millionar kroner, gjekk utvalet for å legge til fire søknader og auka potten til 6,5 millionar kroner. Utvalet har eigne midlar dei kan supplere med. 

Her er oversikt over mottakarane: 

Tilskot til arrangement 2026

1 525 000 kroner, blei fordelt på 28 søkarar. Her kan du lese kven som fekk

  • Heddal idrettslag, internasjonalt hopprenn: 100 000 kroner
  • NORA, nasjonal og regional arena for dans i Telemark, festivalen Tid for dans, 100 000 kroner
  • Villa Lunde scene, Villa Lunde festival: 100 000 kroner
  • Grenland Ryttersportsklubb, fem store nasjonale mesterskap: 100 000 kroner
  • KNA Telemark, Europamesterskap i Biltrial/Eurotrial: 80 000 kroner
  • Haukelirennet: 75 000 kroner
  • Gras og rotfest, kulturfestival: 75 000 kroner
  • Billedkunstnerne i Telemark, Sommerutstillingen 2026 - Naturen i oss, Kunstlåven i Seljord: 60 000 kroner
  • Sveiven, turmarsj: 50 000 kroner
  • Grenland Jazzforum, festivalen Jazzalarm 2026: 50 000 kroner
  • Lifjell kunstsenter, Lifjell Open 2026: 50 000 kroner
  • Porsgrunn orienteringslag, NM i nattorientering og NC-helg: 50 000 kroner
  • Nome kommune, Nome litteraturuke: 50 000 kroner
  • Foreningen Sløydfest, håndverksfestival: 50 000 kroner
  • Gaukenfestivalen, musikk- og kulturfestival: 50 000 kroner
  • Jennie Bergsli, Damfoss kunstnerdrevne festival: 50 000 kroner
  • Lena Barth Aarstad, påskekrim på Høyers hotell: 40 000 kroner
  • Telerock AS, The Graveyard Gig 2026: 30 000 kroner
  • Telemark bedrifstidrettskrets, NM i Bordtennis Bedrift: 30 000 kroner
  • Bø Jazzklubb, konsert: 30 000 kroner
  • Lysne Musikk, Jo David Meyer Lysne, telemarksturne:30 000 kroner
  • Espen Gjelstad Gundersen, konsertforestilling, Ibsens poetiske univers: 30 000 kroner
  • Ørjan Amundsen, Litani, lyd og performance i Mikaelshulen: 28 000 kroner
  • Skien rockeklubb, Battle of the Bands: 27 000 kroner
  • Telemark historielag, seminar: 20 000 kroner
  • Seljord folkemusikklag: Seljordkappleiken: 20 000 kroner
  • Anne Fagermo, 17 counstrykonsertar på 17 dagar i 17 kommunar, 40 000 kroner
  • Lena Barth Aarstad, turne i fylket med revyen "Sommerlatter med Lena og de", 100 000 kroner
Tilskot til utvikling innan kultur og reiseliv

1 875 000 kroner, fordelt på 16 søkarar.
Her kan du lese kven som fekk:

  • Midt-Telemark stisykling, utvikling av sykkeldestinasjon - hovedprosjekt: 300 000 kroner
  • Vinje næringslag, Fløtarvegen kultur- og friluftsprosjekt: 200 000 kroner
  • Ibsenhuset AS, forprosjekt Ibsen-forestillingen Et dukkehjem: 200 000 kroner
  • Greenlight kunstfestival, festival, 200 000 kroner
  • Erik Damberg, forestilling for eldre, 100 000 kroner
  • Kajakkbox.no, nye stader for kajakkpadling og kajakkboksar: 100 000 kroner
  • Telemark kunstsenter, uyvikling av virksomheten: 100 000 kroner
  • Telespinn As, utvikle produkt og tilbod: 100 000 kroner
  • Lena Barth Aarstad, Skien upon Avon, Ibsen for turister: 100 000 kroner
  • Nutheim Gjestegiveri AS, kulturreise Telemark: 50 000 kroner
  • Stiftinga Telemarksfestivalen, tingingsverk: 50 000 kroner
  • Victoriia T. Morozova, kulturarv gjennom kunst: 50 000 kroner
  • Kunstnerleden, en historisk vandrerute mellom Oslo og Rjukan: 45 000 kroner
  • Red Moon Studio, oppgradering av båthus til kulturhus, Sandøya: 30 000 kroner
  • Ziener-Museum v/Telemark Drift AS, museumsutvikling, 200 000 kroner
  • Haukeli næringslag, lokal handlingsplan for Haukeliområdet, 50 000 kroner
Regionale kulturfond – tildeling kunst- og kulturutvikling

2 900 000 kroner, fordelt på ti søkarar
Her kan du lese kven som fekk: 

  • Drangedal kommune, spelet Anleggstid: 500 000 kroner
  • Grenland Friteater, forprosjekt Ibsenbyen Skien: 500 000 kroner
  • WOW Produksjoner/Jannicke AS, utvikling av store forestillinger: 350 000 kroner
  • Kunsthall Grenland, Kunstløypa: 350 000 kroner
  • Synken Scene, utendørs forestilling: 300 000 kroner
  • Skien bibliotek, Learing by Ibsen, kortfilmer: 250 000 kroner
  • Bamble kommune, dager med håndverk, kystkultur, bygningsvern: 200 000 kroner
  • Grenland friteater, Dit vil eg fara: 200 000 kroner
  • Marispelet ved Rjukanfossen, 150 000 kroner
  • Scheen jazzorkester, bestillingsverk, 100 000 kroner
Regionale kulturfond – tildeling honorarstøtte til kompetanseheving

194 440 kroner, blei fordelt på fem søkarar.
Her kan du lese kven som fekk. 

  • Bamble Brass, seminar: 25 000 kroner
  • Vesle-Frikk Gautefald, folkemusikk langs Skagerakkysten: 30 000 kroner
  • Norges Musikkorps Forbund Sør, Sørkonferansen 2027: 65 000 kroner
  • Grenland Brass, Teppefall, bestillingsverk: 37 440 kroner 
  • Frie Filmere: 37 000 kroner