Torsdag opna den første dagsturhytta i Telemark. Hytta ligg på Eventyrøy i Seljord, og kallast Pumpehuset. Dette er den første av fleire dagsturhytter i Telemark i satsingen Dagsturhyttene i Telemark. Dette markerer starten på ein ny æra for friluftslivet i fylket, der målet er å gjera naturen meir tilgjengeleg for alle.
Fungerande fylkesordførar Terje Riis-Johansen og ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen, fekk æra av å offisielt opne hytta.
Opninga vart markert med ein festleg ettermiddag ved hytta.
Eit prosjekt for framtidas friluftsliv
Dagsturhyttene i Telemark er eit av dei største felles friluftsprosjekta i fylket på mange år. Visjonen er å skapa attraktive og inkluderande møteplassar i naturen, der både lokale og tilreisande kjenner seg velkomne. Prosjektet byggjer på prinsippa om gjenbruk, berekraft og minimalt naturinngrep, ved at eksisterande bygg blir rusta opp og blir gitt nytt liv.
Meir enn berre hytter
Målet med «Dagsturhytter i Telemark» er å etablera ei dagsturhytte i kvar kommune. Prosjektet skal:
1. Skapa lågterskel møteplassar der alle kjenner seg inkluderte.
2. Framme fysisk aktivitet og friluftsliv.
3. Bevara og framheva lokal kulturarv.
4. Bidra til berekraftig bruk av eksisterande bygg.
- Dette handler om mer enn bare hytter. Det handler om å skape møteplasser der alle kan føle seg velkomne og inkluderte, siger fungerande fylkesordførar Terje Riis-Johansen.
Ulik framdrift – same visjon
Kommunane i Telemark er i ulik fase av prosessen, frå tidleg planlegging til ferdigstilling. Seljord er først ute med å realisere prosjektet, og opninga av Pumpehuset markerer ein viktig milepæl.
– Det er inspirerande å sjå at prosjektet no blir verkelegheit. Bak kvar hytte ligg det eit stort arbeid, og målet er at både prosessen og resultatet skal skape verdi for lokalsamfunna, seier Marte Aksnes, rådgjevar for idrett og friluftsliv i Telemark fylkeskommune og prosjektleiar for Dagsturhyttene.
Friluftsliv for alle
Eit sentralt mål med prosjektet er at dagsturhyttene skal vere tilgjengelege for flest mogleg. Difor legg ein stor vekt på universell utforming, god tilkomst og inkluderande løysingar.
– Friluftslivet skal vere for alle. Derfor må møteplassane i naturen vere trygge og tilgjengelege, uavhengig av bakgrunn eller forusetninger, understrekar Riis-Johansen.
Pumpehuset - Dagsturhytta i Seljord
- Seljord kommune er svært fornøgde med etableringa av ei ny dagsturhytte midt i nærturområdet vårt på Eventyrøy, seier ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen.
- Me er sikre på at dette blir ein flott møteplass for alle som er på nærtur. Me har stor tru på fylkeskommunen sitt konsept med dagsturhytter i eksisterande bygningar, som del av eit nettverk i heile Telemark, avsluttar ho.



Støtta av fleire aktørar
Prosjektet er mogleggjorde takka vera støtte frå:
1. Sparebankstiftinga Nome
2. Sparebankstiftinga Telemark
3. Norsk Tipping
4. Telemark fylkeskommune
5. Kommunene (Seljord kommune til denne hytta)
6. Landsforbundet til friluftsrådet og Gjensidigestiftelsen med tilskotsordninga God og trygg tilgang til naturen
I tillegg har Seljord Idrettslag bidrege med stor dugnadsinnsats.