Funn av legionella ved Vinje tannklinikk

Tannlegeutstyr
Foto: Stina Glømmi

Av:

Hege Gulseth

Publisert:

24.11.2025

Oppdatert:

24.11.2025 kl.11:56

Under ein rutinekontroll ved Vinje tannklinikk, vart det gjort funn av legionellabakterien.

Prøveresultata vart kjende fredag ettermiddag, og klinikken har no tilpassa drift i påvente av nye prøver.

-Det er gjort funn av legionella frå drikkevasskraner og i røyra på éin behandlingsstol, fortel fylkestannlege Live Lid Breiland.

Kommuneoverlegen er orientert om funna. Klinikken har dialog med både kommuneoverlege og teknisk etat i Vinje kommune for å avklare vidare kartlegging og tiltak. 

Det er venta redusert drift i ei veke i første omgang, i påvente av resultat frå nye prøver.   Inntil vi får svaret på nye prøver vil tannklinikken ha tilpassa drift. Behandlingar som ikkje krev bruk av luft eller vatn, som fjerning av sting, undersøkingar og enkel tannreins, vil bli framleis bli gjennomført på klinikken. Nokre pasientar kan bli tilviste til naboklinikkar for behandling.   Klinikken har dialog individuelt med pasientar der timar blir avlyst. 

Legionella er ein vanleg forekommande vassbakterie. Smittefaren er svært liten for friske personar og sannsyn for sjukdom er lågt. Legionella smittar ikkje frå person til person. 

-Skulle nokon som har vore til behandling dei siste vekene likevel kjenne seg sjuke, med til dømes feber, er det viktig at dei tek kontakt med lege, seier Lid Breiland.

For meir informasjon

Kontakt fylkestannlege Live Lid Breiland, mob: 917 40 886.