Då fristen var ute, hadde 69 sendt inn søknad om å signere fleirårig samarbeidsavtale med fylkeskommunen.
– Det er stor interesse, og dermed stort press på dei fylkeskommunale kulturstøtte-ordningane. Dei 69 søkarane søkte om 29 319 000 kroner til saman, men dessverre har me berre 4,25 millionar kroner til fordeling, fortel Maja Foss Five, fylkeskultursjef i Telemark fylkeskommune.
Vitnar om tronge tider
I desse dagar er rådgivarar ved kulturavdelinga i gang med å lese, vurdere og kome med forslag til politikarane om kven som burde kome på topp.
– Bunken med søknader viser at det er stort engasjement, og stort behov for fylkeskommunale støtteordningar til kulturfeltet i fylket. Det er gøy å sjå at det er så mykje aktivitet og så mange som har kultur som leveveg, men me skulle gjerne hatt endå større pottar til rådigheit. Dette vitnar om at det er tronge tider for dei som arbeider innan kulturfeltet, konstaterer Foss Five.
Søknadene fordeler seg på kategoriane: regionale frivillige organisasjonar, regionale kompetansesenter, utøvarar/ensemble og festivalar/ heilårsarrangørar.
«Me skulle gjerne hatt endå større pottar til fordeling»
- Maja Foss Five
– Mange blir skuffa
Talet på dei som har søkt på ordninga regionale kulturfond, er overveldande.
– Me har fått inn 108 søknader på den nye ordninga regionale kulturfond på til saman 20 560 000 kroner. Her rår me over 3 200 000 kroner. Det tyder at mange kjem til å bli skuffa, konstaterer kultursjefen.
Sakene kjem på bordet til politikarane i november, med endeleg avgjerd i hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit 20. november.
35 strategisvar
Stor interesse er det også for den nye kultur- og reiselivsstrategien som har vore på høyring. Det har kome inn 35 høyringssvar frå kommunar, kultur- og reiselivsorganisasjonar/institusjonar og frivilligheita.
– At Telemark er eit rikt og mangfaldig kulturfylke, er det definitiv ingen tvil om, seier fylkeskultursjefen.