Det seier rådgivar ved Telemark fylkesbibliotek, Mari Honningdal.
- Me treng ei kritikarklasse som gjennom skuleåret skal lese 15 ungdomsbøker, og stemme fram den boka dei meiner er best og som fortjener Uprisen.
Kva er Uprisen?
Uprisen er ein av dei viktigaste litteraturprisane i Noreg, og det er altså ungdom sjølv som kårar vinnaren. I løpet av skuleåret deltek 30 klasser som kritikarklasser.
- Dei les og anmelder nye ungdomsbøker på denboka.no. Desse bokmeldingane avgjer kva bøker som blir nominert - fem bøker skal nominerast, fortel Honningdal.
Eigne jurklasser kårar vinnaren blant dei fem, det skjer på Norsk litteraturfestival på Lillehammer i mai neste år.
Godar til kritikarklassa
I tillegg til å vere ei viktig stemme i ein nasjonal litteraturpris, får kritikarklassa nokre gode. Dei får minst 15 ungdomsbøker til odel og eige. Dei får også tilbod om skrivekurs, anten fysisk eller digitalt.
Skulen må gi læraren i kritikarklassa ein dag til rådigheit for å vere med på eit oppstartsseminar. Læraren må også ta på seg jobben med å publisere bokmeldingane.
Kvifor skal klassa mi delta?
- Elevar som deltek på dette, får påverke på ekte. Deira meining tyder noko både for forfattaren og forlaget, seier Honningdal.
- I desse tider, når me ser at barn og unge les lite, gjev dette eit løft både for lese- og skriveferdigheiter. Uprisen skaper leselyst og leseglede, konstaterer rådgivaren på telemark fylkesbibliotek
Les meir og søk:
Nettside: foreningenles.no/uprisen-arets-ungdomsbok
YouTube: Uprisen – årets ungdomsbok
Har du spørsmål, så ta kontakt:
Mari Honningdal
Rådgiver
Telemark fylkesbibliotek