Vinnarboka Det hvite rommet var blant topp tre for juryklassa frå Telemark, men to elevar frå Gulset som sat i storjuryen fortalde at det var ein omfattande diskusjon før juryen blei foreint om at Jan Tore Noreng skulle vinne.
- Leona Catlin Johnsen og Isabelle Sokhna Strøm-Hval sat i storjuryen frå oss. Dei fortalde at det hadde vore gøy, men også eit vanskeleg oppdrag. Det hadde blitt mykje argumentasjon og diskusjon, og elevane våre sto på for å få favoritten sin til topps. Det gjekk ikkje heilt som klassa vår ville, og alle var litt skuffa, men vinnarboka var på topp tre om ikkje anna, fortel Anne Skipar som er kontaktlæraren for juryklassa frå Gulset ungdomsskole i Skien.
Jubileumspris
Uprisen 2026 blei delt ut for 20. gong, dermed blei det litt ekstra stas å vinne Uprisen 2026.
- Tusen takk for det her, det er heilt fabelaktig! Det er ti år sidan eg vann sist. Å vinne kvart tiande år; eg er med på det, sa forfattar Jan Tore Noreg i takketalen til det unge publikummet i Maihaugsalen. Saman med elevar frå Innlandet, var åtte juryklasser frå heile landet på plass til festforestillinga.
- Berre det å vere nominert til denne prisen er fabelaktig, det er heilt utruleg å vinne, sa ein glad Jan Tore Noreng.
Gøy, men spennande
Kvelden før prisutdelinga blei alle dei nominerte forfattarane intervjua på Uprisens ungdomsbokbad. Lotta Kleppe Kaspersen og Noa Baar Bjerk frå Gulset var blant elevane som intervjua forfattarane. Dei spurte Aina Basso om det var stort å vere nominert til Uprisen.
- Ja! Det er jo sjølve målgruppa som har bestemt at vi er med, det er veldig artig – så tusen takk, sa ho.
Dei to Gulset-elevane syns det var spennande, men mest gøy å intervjue Aina Basso og Bjørn Sortland med kring 200 publikummarar i salen.
- Eg var litt nervøs, men då eg kom i gang var det bare gøy, seier Lotta.
- Det var veldig lett å intervju Aina Basso, vi snakka litt med ho og dei andre forfattarane før vi gjekk på scenen også, slik at vi var førebudd, fortel ho.
- Vi lagde spørsmåla heime, med innspel frå klassa, fortel Noa.
Dei blei begge litt skuffa over vinnaren, for det var nettopp Aina Basso si bok Før det blir morgon som var deira favoritt.
Stor utvikling
Heile 9b var med til Lillehammer, og alle var med på Uprisens ungdomsbokbad og sjølve U-showet i Maihaugsalen.
Juryklassa frå Skien har bruka mykje tid på å lese dei fem nominerte bøkene det siste halve året.
- Vi er kjempeimponert over at alle elevane har lese dei fem bøkene. Vi har sett stor utvikling hjå elevane både når det gjeld lesing, lytting, men dei har også øvd på argumentasjon og det å lytte til andre. Dei har tatt store steg her. Riggen rundt, og oppfølginga frå Stiftelsen Lese har vore veldig god. Vi har også fått mykje støtte frå leiinga vår her ved skulen, og frå Mari Honningdal ved fylkesbiblioteket i Telemark fylkeskommune, skryt Skipar.
- Dette har vore spennande og lærerikt for oss lærarane også, vi har fått testa ut ulike måtar å jobbe med litteratur på, seier kontaktlæraren som har jobba med Uprisen i lag med kollega Kim Anette Hall.
«Vi er kjempeimponert over at alle elevane har lese dei fem bøkene»
- Anne Skipar
Kritikarklasse igjen
Til Uprisen 2027 har Gulset ungdomskole og Bø ungdomsskule meldt seg igjen.
- Det er moro! Dei har sett kor mykje dette gjer med leselyst og leseferdigheiter å vere med på dette, seier Honningdal.
Kva bøker som blir med i neste års Uprisen er enno ikkje klart, men kvar kritikarklasse skal lese 15 bøker kvar. Telemark har ikkje juryklasse neste år, det går på rundgang og er annakvart år.
Les også: Telemark juryklasse er klare for Lillehammer - Telemark fylkeskommune