Kvart år deler Telemark fylkeskommune ut Telemark litteraturpris. For å få prisen må forfattaren ha tilknyting til Telemark og må ha gjeve ut bok i perioden 1. august 2025 til 1. august 2026.
Då fristen gjekk ut hadde det kome inn 18 publikumsforslag, 12 av dei blei nominerte.
Følg denne lenka for å nominere ein forfattar du meiner fortener Telemark litteraturpris.
Nye jurymedlemmer
I år har juryen to nye medlemer. Jurysamansetninga varer i to år, med moglegheit for forlenging.
Leiaren av juryen er alltid leiar for hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit. I denne perioden er det Hilde Alice Vågslid. Ho har med seg Margit Ims, universitetslektor ved Universitetet i Sørøst-Norge, USN, Anders Futtrup, nestleiar ved Skien bibliotek, Yngve Knausgård, leiar ved Vinjesenteret og fylkesbiblioteksjef i Telemark, Maria Guribye. Dei to sistnemnde er nye jurymedlemer i år.
Stort spenn
Det er vanlegvis mellom 10 og 15 forfattarar som blir nominerte til litteraturprisen, i 2026 blei talet 12. Nokon er debutantar, mens andre har to eller fleire titlar å vise til. Tema er alt frå krim med Dyrskun som bakteppe, til ein humoristisk roman om ein norsklektor på reise i India.
Ta ein kikk på dei nominerte:
- Frederik Svindland, Kaja 2000, Cappelen Damm.
- Stian Johansen, Et ålreit hjem å flytte fra, Aschehoug.
- Torbjørn Klippenvåg Pettersen, Meditasjon for nybegynnere, Tiden.
- Tore Stavlund, 1996: en roman, Tiden.
- Jarle Sten Olsen, Rovfugl, Kagge.
- Fredrik Brattberg, Philharmonia – scenetekster, Transit.
- Vidar Sundstøl, Neste morgen ved Wounded knee, Tiden.
- Peter Fjågesund, Øynene som ser, Solum Bokvennen.
- Magnus Aasdalen, Wild Thing, Cappelen Damm
- Joachim Fink Graasvold, Undo(me), Aschehoug
- Kim Leine, Olavs hus, Cappelen Damm
- Ole Andre Lie, Knokkelbeist, Lyrikkforlaget