–Regjeringa set ikkje av pengar til det gigantiske etterslepet vi har på vedlikehald av fylkesvegane. Staten må ta meir ansvar og redusere den store kvalitetsforskjellen på riksvegar og fylkesvegar, seier fylkesordføraren.
Byvekstavtale
I 2027 vil Grenland få 103,9 millionar kroner til å følgje opp den 4-årige påskjønningsavtalen som vi har med staten. Desse midlane bidreg mellom anna til at Grenland har eit av dei billigaste busstilboda i landet.
–Vi er glad for at påskjønningsavtalen ligg inne, men eg meiner det no haster å få på plass ein byvekstavtale, seier fylkesordførar Terje Riis-Johansen.
Ein byvekstavtale utløyser endå meir statleg støtte til byutvikling og vil gi ein meir koordinert innsats mellom dei offentlege aktørane i by- og transportutviklinga.
Ein nedtur
Riis-Johansen er også skuffa over mangelen på midlar til jernbanetiltak som set i verk befolkninga i Telemark.
–No spøkjer det for dobbeltspor for Vestfoldbanen. Det er ein stor nedtur! Samtidig er situasjonen på Sørlandsbanen uhaldbar. Togtilbodet her må få hyppigare avgangar og bli meir stabilt. No blir Stortingets forhandlingar viktigare enn nokon gong. Her forventar vi at noko skjer!
Bekymra for verdsarven
Fylkesordføraren er bekymra for svært dårlege signal for teknisk-industrielle kulturminne og verdsarven Rjukan-Notodden Industriarv i statsbudsjettet.
–Verdsarvposten er ikkje styrkt utover ei lita prisjustering. Tilskotsposten til teknisk-industrielle kulturminne, som mellom anna finansierer Rjukanbanen, blir som einaste post foreslått redusert. Det er eit svært dårleg signal til verdsarven vår som består av teknisk-industrielle kulturminne, og der Rjukanbanen er ein motor, seier Riis-Johansen.
–Transportåra som er ein av fire pilarar som utgjer verdsarven vår held fram med å forfalle. Avstanden mellom Stortingets ambisjonar og det vi lokalt og regionalt får til aukar i raskt tempo.
Glad for trafikktryggingstiltak
Fylkesordføraren er skuffa over at det ikkje er sett av pengar til å komme vidare med arbeidet på E134.
–Det er positivt at det ligg inne pengar til trafikktryggingstiltak på E134 i Telemark, men skuffande at det ikkje er sett av pengar til prosjektet Saggrenda–Elgsjø som er gryteklart.
Positivt med pengar til utvikling av Fensfeltet
– Eg er glad for at Universitetet i Søraust-Noreg får 15 millionar kroner til kunnskapsutvikling knytt til utvikling av Fensfeltet og engasjementa deira i Fensenteret. Dette er positivt, sidan Telemark fylkeskommune samarbeider med USN om etableringa av Fensenteret, seier Riis-Johansen.
Han er også fornøgd med at løyvinga til flyplassen på Notodden blir oppretthalden.