Håpar ny strategi begeistrar

To blide damer drikker kaffe fra kopper med Telemark fylkeskommune-logo
NY STRATEGI: Maja Foss Five, fylkeskultursjef og Ellen Rodvang, rådgivar på kultur, er glade for å presentere ny strategi for kultur og reiseliv. Foto: Kristin Berge

Av:

Kristin Berge

Publisert:

08.07.2026

Oppdatert:

08.07.2026 kl.13:45

Ny strategi for kultur og reiseliv set retning for å auke attraktivitet for besøkande, for bulyst og bedrifter.

- Me er veldig begeistra for at politikarane gjekk for denne løysinga med å samle kultur og reiseliv. Her er eit unytta potensiale som kan verke positivt på å gjere fylket attraktivt for å bu her, besøke oss og for bedrifter. Strategien set retning og legg grunnlag for prioriteringar, seier Maja Foss Five som er fylkeskultursjef i Telemark. 

"Strategi for kultur og reiseliv 2026-2029. Det som gjør oss til oss" blei vedteken av fylkestinget 6. mai, og no er den publisert i Framsikt. 

Smart å ro saman

Telemarksplanen legg føringar for andre planer og strategiar. Den har dei tre hovudmåla inkluderande, skapande og naturrike Telemark.

- Den nye strategien viser at kultur- og reiselivet har mykje å bidra med for at me skal nå alle måla i Telemarksplanen. I desse dagane, når me ser at heile nasjonen ror i takt, får me bekrefta at felles opplevingar er viktig for samhald og fellesskap. 

 

Telemark strategi 2025 HOVEDDOK 6-3.jpeg
Telemark er prega av eit breitt kulturlliv, den nye kulturstrategien tek høgde for det. Illustrasjon: Per Ragnar Møkleby

Kulturturisme

Både kultur og reiseliv er sektorar som gjer Telemark unikt, dei har verkemiddel og tilbod som skaper gode nærmiljø og attraktivitet. Omgrepet kulturturisme er aktualisert i denne strategien. Korleis me kan få besøkande som kjem til Telemark til å bruke kulturtilboda i større grad, er noko kultur- og reiselivsbedrifter kan jobbe saman om.  

«No når me bygger opp det nye Telemark fylke, ynskjer me å sjå mangfaldet frå fjord til fjell.»

- Maja Foss Five

Spesielt breitt kulturliv

Førre kulturplan "Vestfold og Telemark - der menneske møtes" var detaljert, med utvalde satsingsområde omtalt som fyrtårn og forslag til tiltak.

- No når me bygger opp det nye Telemark fylke, ynskjer me å sjå mangfaldet frå fjord til fjell. Kulturlivet i Telemark er spesielt breitt, og har noko for alle interesser. Me har store og små festivalar, ein rik kulturarv, me har både Ibsen-jubileet i 2028 og countryfestival i Seljord. Dersom ein vel ut nokre fyrtårn som får alle oppmerksomhet, kan det vere meir til hinder enn til utvikling, meiner Foss Five. Ho legg til at ein må sjå alle planene i fylkekommunen under eitt. Strategi for landbruket og planer for frivilligheit, folkhelse eller verdsarv har aktuelle punkt for både kulturlivet og reiselivet. 

Summen av strategier LITEN.jpeg
Alle planene frå Telemark fylkeskommune heng saman med Telemarksplanen. Illustrasjon: Per Ragnar Møkleby

Stort engasjement frå næringa

I tillegg til engasjerte, interesserte og positive fylkespolitikarar, rosar Maja Foss Five og Ellen Rodvang kultur- og reiselivsnæringa.

- I arbeidet med "Strategi for kultur og reiseliv 2026-2029. Det som gjer oss til oss" har me fått god hjelp, respons og innspel frå aktørar frå både kultur og reiselivet. Me hadde ikkje fått til denne strategien utan engasjementet frå dei som skal bruke planen, skryt Rodvang. Ho er rådgivar ved kulturseksjonen i Telemark fylkeskommune, og hatt ansvar for å få strategien i hamn.

Strategien varer i fire år, fram til 2029. 
- Då skal me evaluere strategien, og det blir spennande å sjå om dette er eit spor me skal jobbe vidare i, og om me har oppnådd den samfunnsutviklinga og fått dei synergieffektane me ynskjer, seier fylkeskultursjefen. 

«Me fått god hjelp, respons og innspel frå aktørar frå både kultur og reiselivet»

- Ellen Rodvang

Illustrert av kunstnar

"Strategi for kultur og reiseliv 2026-2029. Det som gjer oss til oss" er illustrert av kunstnaren Per Ragnar Møkleby. 

- Møkleby har ein leiken og morosam strek, og det var viktig for oss i desse KI-tider å engasjere ein kunstnar til å illustrere. Me er veldig stolte av produktet, konkluderer Rodvang.