Nytt forslag til skuletilbod

Inngangsparti på skole, sett rett forfra
Foto: Hermod Håtveit

Av:

Helge Galdal, fylkessjef for utdanning, folkehelse og tannhelse

Publisert:

30.10.2026

Oppdatert:

30.10.2026 kl.09:27

For at Telemark skal ha eit godt vidaregåande tilbod i framtida må vi ta grep i dag. Det er utgangspunktet for forslaget fylkesdirektøren har til skuletilbod for 2027–2028.

Færre elevar gir færre inntekter til kommunar og fylkeskommunar.

Utviklinga er allereie synleg i grunnskulen. På ungdomssteget i Telemark er det i gjennomsnitt om lag 2 090 elevar per årskull. På 5.–7. trinn er gjennomsnittet om lag 1 885, og på 1.–4. trinn om lag 1 780. Det er desse barna som skal byrje på vidaregåande skule i åra som kjem.

Kommunane har allereie merka dette, og fleire har tilpassa det kommunale skuletilbodet.  

Beheld alle skular 

Fylkesdirektørens forslag byggjer på den tverrpolitiske føringa at alle dei elleve vidaregåande skulane våre skal bestå. Skulane har noko å seie for kvardagen til ungdommane, for arbeidslivet og lokalsamfunna rundt dei. I eit fylke med store avstandar er også geografisk tilgjengelegheit eit viktig omsyn. Spesielt dei mindre skulane våre ute i distrikta utanfor Grenlands-området er berebjelkar i samfunnet. Forslaget frå fylkesdirektøren førebur oss på å sikre desse for framtida, trass i fallande elevtal framover.  

Når vi opprettheld skulestrukturen samtidig som elevgrunnlaget blir mindre og økonomien strammare, må vi endre samansetninga av tilboda. God kvalitet på undervisninga er likevel ikkje det same som breitt tilbod. Det aller viktigaste vi kan bruke ressursane våre på er å sikre god pedagogisk kvalitet. Når kapasiteten er større enn elevgrunnlaget, bind vi pengar i undervisningsgrupper som berre er delvis fylte opp.   

Forslaga som no er lagt fram er omfattande.  Vi foreslår mellom anna å fase ut studiespesialisering ved Bamble og Vest-Telemark vidaregåande skular, og dessutan idrettsfag ved Kragerø og Porsgrunn vidaregåande skular. Påbygg ved Vest-Telemark blir foreslåtte teke ut, medan Rjukan og Notodden vidaregåande skular skal utvikle eit felles påbyggtilbod med opplæring ved begge skulestader.  

Forslaget omfattar også utfasing av Ib-tilbodet ved Porsgrunn og forskartilbodet som eige søkbart tilbod ved Skien videregående skole.  

Innsparinga kjem når vi kan organisere opplæringa med færre undervisningsgrupper og lågare samla ressursbruk. Derfor må vi sjå tilboda ved skulane i samanheng. Å samle elevar i grupper som allereie har ledig kapasitet, kan frigjere ressursar. Dersom ei nedlegging krev tilsvarande nye grupper ved ein annan skule, blir innsparinga mindre eller kan falle heilt bort. 

I dag har vi cirka 1000 ledige plassar i det søkbare skuletilbodet i Telemark. Forslaga som no er lagde fram vil redusere dette til under 500 om dei får tiltenkt effekt. Då kan vi bruke frigjorde pengar til kvalitet og innhald på alle tilbod vi har igjen i staden for å finansiere tomme stolar. 

Helge Galdal Foto - Hanna Hekkelstrand.jpg
Helge Galdal

Får konsekvensar 


Samtidig forstår vi at forslaga som no er lagt fram skaper uvisse og engasjementet. 

Forslaga berører engasjerte tilsette, sterke fagmiljø og elevar som er opptekne av framtida si. Vi forstår bekymringa for lengre reiseveg og færre valmoglegheiter. Endringane er ikkje ei underkjenning av arbeidet som blir gjort ved skulane. 

For nokre elevar er nærleiken til skulen viktigast, medan andre prioriterer eit bestemt utdanningsprogram eller fagtilbod. Vi skal leggje til rette for god opplæring både for dei som ønskjer å gå på skule nær heimen, og for dei som søkjer eit tilbod ved ein annan skule. Elevar og føresette skal få tydeleg informasjon om alternativa og kva dei inneber for fagval, skulekvardag og reiseveg. 

Forslaget skal no behandlast politisk, og det er fylkestinget som gjer det endelege vedtaket. Det er forståeleg at kommunar, tilsette og elevar kjempar for tilboda sine. Som skuleeigar må vi vurdere kvart enkelt tilbod som del av det samla ansvaret frå fylkeskommunen for opplæringa. Ressursane skal strekke til god undervisning og oppfølging av alle elevar ved alle dei elleve skulane. Det er dette heilskapsperspektivet innstillinga frå fylkesdirektøren byggjer på, og som også må liggje til grunn for den vidare debatten.