Elevane i Telemark har fått betre resultat i matematikkfaga 1p og 2p, viser den ferske tilstandsrapporten for førre skuleår. Talet på elevar som fekk karakteren 1, er nesten halverte frå skuleåret 2024/25 til 2025/26.
–Dei ekstra midlane som politikarane løyvde er brukte på mindre elevgrupper, tidleg kartlegging, ekstraundervisning, meir praktisk tilnærming og tettare individuell oppfølging. Det har hatt ønskt effekt, seier Helge Galdal, fylkessjef for utdanning, folkehelse og tannhelse
Karakterane i matematikk har totalt betra seg og samanlikna med førre skuleår har 150 elevar løfta seg eit karaktertrinn på tvers av alle matematikkfag, trinn og utdanningsprogram. Samtidig er matematikk er framleis det faget der flest elevar får karakteren 1, slik det også er på landsbasis.
Mindre fråvær
Det gjennomsnittlege totalfråværet i Telemark gjekk ned frå 7,5 prosent førre skuleår til 6,3 prosent i skuleåret 2025/2026. Fråværet er lågast blant elevar på yrkesfag.
Når fråværet går ned, får fleire elevar vurdering i faga sine. På studieførebuande utdanningsprogram var det 40 prosent færre elevar som mangla vurderingsgrunnlag enn året før.
–Fråvær handlar om meir enn statistikk. Det handlar om tilhøyrselen, meistringa og moglegheita til elevane til å fullføra. Skulane har lagt ned ein stor innsats i å følgja opp elevar som ikkje møter, og i å byggja gode relasjonar og trygge skulemiljø, seier Galdal.
Lågast i landet
Telemark har lågast del elevar som opplever mobbing i landet i 2025. Berre 2,8 prosent av elevane svarte at dei hadde opplevd mobbing to–tre gonger i månaden eller oftare, mot 6,3 prosent i 2024. Talet på skulemiljøsaker har også gått ned frå førre skuleår.
–Det er for tidleg å trekkja sikre konklusjonar om årsakene til nedgangen. Resultata kan likevel ha samanheng med det systematiske arbeidet vårt for eit trygt og godt skulemiljø.
Krevjande
Sjølv om utviklinga er positiv på fleire område, viser rapporten at Telemark framleis har utfordringar. Andelen som fullfører og består vidaregåande opplæring, ligg litt under landsgjennomsnittet.
Påbygg til generell studiekompetanse har hatt ein særleg kraftig nedgang i andelen elevar som fullfører og består, frå 80,2 prosent i 2024/25 til 69,1 prosent i 2025/26.
–Resultata viser både kva me lykkast med og kvar me må styrkja innsatsen vidare. Me ser at når me rettar fokuset mot nokre utvalde problemstillingar, så gir det resultat. Det inspirer til vidare arbeid, seier Galdal.
Fakta frå rapporten
- 83,2 prosent av 2019-kullet i Telemark oppnådde studiekompetanse, fagbrev, sveinebrev eller kompetansebrev innan fem eller seks år.
- 61 prosent av Vg1-elevane valde yrkesfag i skuleåret 2025/26.
- Gjennomsnittleg totalfråvær gjekk ned frå 7,5 til 6,3 prosent.
- Andelen elevar med manglande vurderingsgrunnlag på studieførebuande gjekk ned frå 5,5 til 3,2 prosent.