Og det er ikkje snakk om småpengar. Over 100 millionar kroner skal no fordelast over heile Telemark til dei 113 mottakarane.
–At vi har så mange søkjarar, viser kva kraft frivilligheita er i samfunnet vårt. Dei får ting til å skje, seier fylkesordførar Sven Tore Løkslid begeistra.
Aldri før
Fylkeskommunen har ansvar for å fordele noko av overskotet frå Norsk Tipping. Dette deler vi ut til kommunar, lag og foreiningar som har søkt om støtte til nærmiljøanlegg eller andre anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
Og i år blir Telemark altså tildelt ein rekord-sum, nærare bestemt 100.844.000 kroner. Så stor del av spelemidlane har vi aldri fått før.
–Det inneber at alle søkjarar har vorte tildelte pengar i år og det kjem innbyggjarane i heile Telemark til gode. Målet er auka aktivitet og auka idrettsglede.
Stor variasjon
Det er stor variasjon i prosjekta som får støtte. På lista over mottakarar finn vi små initiativ som hinderløyper, ballbanar og bygging av gapahuk, saman med store prosjekt som nye idrettshallar og kunstgrasbanar. Den største tildelinga går til idrettsforeininga Pors som får heile 12 millionar kroner til ny fleirbrukshall. Også Kragerø og Notodden får fleire millionar i støtte til ny idrettshall.
Tildelinga skal til ein formell godkjenningsrunde i hovudutvalet for kultur og frivilligheit 27. mai.
–Fordelinga av spelemidlane er i tråd med den nye strategien vår for kultur og reiseliv. Her legg vi mellom anna vekt på kor viktig det er å skape gode møteplassar for innbyggjarar og besøkjande, seier Løkslid.