Fylkestinget vedtok onsdag å løyve 25 millionar kroner ekstra til fylkesvegane i Telemark. Dette kjem i tillegg til om lag 34 millionar kroner som fylkeskommunen er tildelt gjennom revidert nasjonalbudsjett.
Til saman gir dette nær 60 millionar kroner ekstra til fylkesvegnettet.
– Tilstanden på fylkesvegane våre er kritisk, og dette er kvardagsvegane til innbyggjarane i fylket vårt. Vi har eit vedlikehaldsetterslep på om lag sju milliardar kroner. Desse pengane løyser ikkje alle utfordringane, men dei gir oss høve til å ta tak i nokre av dei mest presserande behova allereie i år, seier fylkesordførar Sven Tore Løkslid.
Pengane skal ikkje brukast til ordinær drift, men gå direkte til tiltak på fylkesvegnettet. Målet er å få mest mogleg effekt ut av midlane i løpet av året.
Midlane skal brukast til å utbetre strekningar med særleg stort behov for tiltak, mellom anna fylkesveg 3430 Svineroivegen mellom Dale og Stavsro, ei skjering på fylkesveg 3346 Svelgfossbakken og delar av fylkesveg 3410 Øyfjellvegen. I tillegg vil ein del av pengane gå til asfaltering.
– Vi har vore tydelege overfor staten på at fylkesvegane treng eit løft. Samstundes tek vi òg ansvar sjølve. Når vi no kombinerer statlege midlar med eigne løyvingar, får vi høve til å gjennomføre tiltak som trafikantane vil merke, seier Løkslid.