Signerte kulturavtaler med glede

Mange mennesker ser opp mot fotografen, de har alle mottatt kulturpenger fra fylkeskommunen.
GOD STEMNING: Det var mange glade kulturfolk som møtte opp på Telemarkshuset tysdag for å signere treårige avtaler med fylkesordføraren. Foto: Kristin Berge

Av:

Kristin Berge

Publisert:

27.01.2026

Oppdatert:

27.01.2026 kl.18:07

Fast økonomisk tilskot over tre år gjer det enklare å sjå framover, så nå kan 31 aktørar frå Kultur-Telemark kan bruke meir tid på å skape, utfordre og formidle.

I dag skal me signere avtaler som i tillegg til å gje eit konstruktivt samarbeid mellom fylkeskommunen og kulturen, også sikrar økonomisk støtte til dykk 31 ulike kulturaktørar i Telemark dei neste tre åra. Dette blir eit samarbeid som gjev oss sjansen til å jobbe meir langsiktig og meir systematisk med å utvikle kulturfeltet i Telemark, sa fylkesordførar Svein Tore Løkslid i si tale til dei 31 kulturaktørane som signerte 3-årig avtale med Telemark fylkeskommune denne veka. 

Vårt ynskje er at samarbeidet skal gje dykk endå større moglegheit til å skape, utfordre og formidle, til glede for både telemarkingar og andre. Det er derfor med begeistring at eg signerer samarbeidsavtalene på vegner av Telemark fylkeskommune, la han til.

Signering 5.jpeg
GLADE MOTTAKARAR: Denise Beck, Carel Flatland og Elisabeth deLunde frå Villa Lunde og Kjersti Ulriksen frå Skeivt hitstorielag signerte avtalene med glede.

Utvide, forvalte og samarbeide

- Vi skal jobbe vidare med planane våre, vi ynskjer å utvide, men også forvalte det vi er i gang med. Vi har veldig mange samarbeidsaktørar i dag, men kjem til å jobbe med å få endå fleire, fortel Elisabeth deLunde frå Villa Lunde i Lunde. Ho er ein av heiltårsaktørane som har fått støtte.

Blant gjestene var Hilde Alice Vågslid leiar hovudutval for reisliv, kultur og frivilligheit, utvalet som vald ut samarbeidspartnarane for dei neste tre åra.  - Det er moro å sjå og treffe det store mangfaldet av kultur-samarbeidspartnarane våre, sa ho.

Les også: Kultur-ja til 31 samarbeidsavtaler - Telemark fylkeskommune 

Signering 6.jpeg
FRIVILLIGHETEN PÅ PLASS: Grenland friluftsråd og DNT Telemark var blant mottakarane innan segmentet frivillige organisasjonar. 

Fire ulike grupper

Avtalene blei inngått med aktørar innan fire ulike søknadsgrupper. Ein av dei som signerte avtale innan profesjonelle kunstnarar, kulturutøvarar og ensemble, var musikar Kjetil Flatland frå Seljord. Han sette tonar til signeringseremonien som gjekk føre seg i resepsjonen i Telemarkshuset i Skien.

I tillegg til Kjetil Flatland Musikk, var det seks til i gruppa profesjonelle kunstnarar, kulturutøvarar og ensemble. Det blei også signert avtaler med ni festivalar og heilårsarrangørar, 11 frivillige organisasjonar og fire kompetansesenter. Dei blei alle ropt fram av fylkeskultursjef Maja Foss Five, før dei blei sendt vidare til signering med fylkesordførar Løkslid. 

Glede i kulturbransjen

Kjersti Ulrichsen signerte avtala på vegner av Skeivt historielag. 
- Det er fint at politikarane ser arbeidet me gjer, nå har dei vore vakne, meinte ho.  

På kanten filosofifestival får også betre vilkår dei neste tre åra, så Kirsten Tangen var glad for å sette signaturen på avtalebrevet.

Signering 4.jpeg
ULIKE UTTRYKK: Jeanne Bøe, i Ibsen Skiens International Theatre company, Jorid Vale på Evju Bygdetun og Kirsten Tangen, På kanten filosofifestival var alle til stades for å signere.

Bidreg til mangfald

- Felles for dykk alle, er at de bidreg til det mangfaldige og levande kulturlivet som kjenneteiknar fylket vårt. Me veit at mangfald av kulturaktivitetar og kulturopplevingar gjev eit fylke der folk har lyst til å bu og leve liva sine, og eit fylke som folk vil besøke. Derfor er det så viktig at me som fylkeskommune legg til rette med det me kan, og der me har moglegheit, fylkesordføraren.

 

 

Festivaler og helårsarrangører

  • Villa Lunde
  • På Kanten, filosofifestival
  • Norsjø kammermusikkfest
  • Foreningen John G Scene
  • Telemarkfestivalen
  • Folkemusikkscena på Rauland
  • Litteraturhuset i Skien
  • Bøker i Bø
  • Evju bygdetun 

Frivillige organisasjoner

  • Vestfold og Telemark kulturnettverk
  • Norges korforbund Vestfold og Telemark
  • Telemark husflidlag
  • Norges Musikkorps Forbund Sør
  • Ungfolk v/Telemark folkemusikklag
  • Der du bor
  • Vikinger i Vestfold og Telemark
  • Forum for natur og friluftsliv i Telemark
  • DNT Telemark
  • Norges jeger- og fiskeforbund avd. Telemark 
  • Skeivt historielag 

Kompetansesentre

  • Sørnorsk folkemusikksenter
  • Sørnorsk jazzsenter
  • Grenland friluftsråd
  • Kulturlandskapssenteret i Telemark

Profesjonelle kunstnere, kulturutøvere og ensembler

  • Scheen Jazzorkester
  • Telemark messingensemble
  • Glima v/Ragnhild Knudsen
  • Kjetil Flatland Musikk
  • Ibsen Skiens International Theatre company
  • Jannicke AS/Wow-kulturproduksjoner
  • Sagliocco Ensemble AS