Signerte millionkontrakt med Olympiatoppen

Ei kvinne og to menn smiler og skriv på eit papir. Dei signerer ein kontrakt.
Suzanna Tangen og Eirik Hansen frå Olympiatoppen Østlandet har signert ein kontrakt verdt 2,1 millionar kroner med fylkesordførar Sven Tore Løkslid. Foto: Kristin Berge

Av:

Kristin Berge

Publisert:

17.06.2025

Oppdatert:

17.06.2025 kl.13:34

Ei treårsavtale gjev Olympiatoppen Østlandet 700 000 kroner årleg for å arbeide med å få unge idrettutøvarar til topps.

- Desse midlane hjelper oss med å utvikle toppidrettutøvarar. Me skal skape gode utviklingstilbod, toppidrettskultur og prestasjonskultur, seier Eirik Hansen, regionleiar for Olympiatoppen Østlandet. 

Saman med kollega Suzanna Tangen kom han til Telemarkshuset måndag for å signere kontrakt med fylkesordførar Sven Tore Løkslid. 

Einarar og breidde

- Me treng Olympiatoppen. Dei jobbar med å få utøvarar til toppen, for me treng einarane - men denne satsinga er også eit godt bdra til folkehelsa. Gode forbilde stimulerer dei unge i breddeidretten, meiner Løkslid. 

- Denne avtala er eg både glad for og stolt av, legg han til. 

Avtala fortel at samarbeidet skal gje alle like moglegheiter, barrier skal byggast ned og parautøvarar skal få like sjansar som funksjonsfriske utøvarar.

«Denne satsinga er også eit godt bidrag til folkehelsa»

- Sven Tore Løkslid

Sikre kvalitet for alle

- Me jobbar med å sikre dagleg treningskvalitet for alle, slik Suzanna gjer for parautøvarane, fortel Hanssen. 

Suzanna Tangen er sjølv parautøver innan sykling, og siktar mot OL i Los Angeles i 2028. Ho er også tilsett som fagkonsulent for paraidrett i Olympiatoppen Østlandet.

- Du bidreg med viktig kompetanse inn i paraidretten i organisasjonen vår, skryt Hanssen. Dei to utgjer ein stab på kring ti personar i Olympiatoppen Østlandet for Telemark og Vestfold. Dei er lokalisert i Idrettens hus i Porsgrunn, men Olympiatoppen Østlandet inkluderer også Østfold, Akershus og Buskerud.

Oppdraget er å få fram toppidrettsutøvarar, trenarar og kompetansemiljø.

 

 

Utdrag frå avtala:

Hovedmålsetningen med samarbeidet mellom Telemark fylkeskommune og Olympiatoppen er å gi forutsigbare og bedre rammevilkår for fagmiljøer og toppidrettsutøvere. Samarbeidet skal videre understøtte muligheten for å kombinere jobb og utdanning med satsning på toppidrett.    

Samarbeidet skal bidra til at parautøvere får like muligheter som funkskjonfriske utøvere til å kunne trene og konkurrere på høyt nivår i sin idrett. 

Ringvirkningene av det som skapes gjennom gode kompetansemiljøer er viktig å overføre til breddeidretten i fylket. Utvikling av toppidrettsutøvere er med på å skape stolthet, tilhørighet og identitet.

Avtalen skal styrke samspillet, sikre forutsigbarheten og formalisere samarbeidet partene imellom. Avtalen skal også bidra til klargjøring av viktige prinsipper og gjensidige krav og forventninger knyttet til samarbeidet