5300 elevar, 1200 tilsette på 15 programområde og 11 skular. Vi utgjer ein viktige dei av utdanningsløpet til dei unge. Men korleis står det eigentleg til i skulen? Sidan 2024 har fylkeskommunen utarbeidd ein årleg rapport om mellom anna læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføring i vidaregåande opplæring. Denne rapporten blir lagd fram årleg for fylkestinget.
«Vi skal bruke kunnskapen frå tilstandsrapporten til å gjere skulen endå betre»
- Helge Galdal, fylkessjef for utdanning
I tilstandsrapporten gjer fylkeskommunen greie for utviklinga i resultata og føresetnadene til elevane og ser det i samanheng med mellom anna skule, kjønn og utdanningsprogram. Tilstandsrapporten har også med beskrivingar av fagopplæring, økonomi, årsverk, læringsmiljø osb.
I år ser vi for første gong i våre data at yrkesfag har høgare del fullført og bestått skuleår enn studieførebuande. Og gutane høgare del enn jentene. Dette snur opp ned på biletet vi er vande med å sjå dei siste tiåra, og viser eit gledeleg oppsving for gutar i yrkesfag.
- Kva skjedde med dei flinke jentene?
- Dette er ei overraskande stor endring på kort tid, og vi må undersøkje meir kva som ligg bak dette. Jentene rapporterer sjølv i aukande grad om psykiske utfordringar – har det ein samanheng? Ein annan faktor kan vere at det no er færre elevar enn nokon gong på studiespesialiserande, og fleire enn før som ikkje kjem inn på ønskt yrkesfag – det gjeld likevel begge kjønn, seier Galdal.
Matematikk er ei utfordring for mange elevar av begge kjønn på begge utdanningstypane. Matematikk står for fleire 1-ere på vg1 og vg2 enn alle andre fag til saman. - Vi jobbar for å snu denne trenden og Kragerø er ein av skulane som har lykkast godt her. Alle skulane har sett i verk konkrete tiltak for å løfte matematikkresultata, så vi ser med spenning fram mot dei kommande resultata, seier Galdal.
Du finn tilstandsrapporten her
Ansvarleg seksjon for rapporten er Skoleutvikling og folkehelse. Har du spørsmål eller kommentarar til tilstandsrapporten, kontakt Erling Servoll eller Ranveig Gule