810 000 kroner blei fordelt på arrangørar, 160 000 kroner blei løyvd til arrangementsstøtte, 600 000 kroner blei delt ut i festivalstøtte og 230 000 kroner blei gjeve i produksjonsstøtte då hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit hadde møte onsdag.
– Fylkeskommunen er opptatt av at innbyggarane i fylket skal få eit breitt og allsidig kulturtilbod. Denne ordninga er eitt av våre viktigaste verkemiddel for å nå dette målet, seier hovudutvalsleiar Hilde Alice Vågslid.
Show og spel for identitet
Jannicke Irwin Abrahamsen og Åsmund-Brede Eike får begge tilskot til sine arrangement. Abrahamsen får 80 000 kroner til musikalshowet It’s showtime og Eike får 50 000 til spelet Telene i Telemark, basert på Ibsens Hærmennene på Helgeland. Stiftelsen Evju bygdetun får 50 000 kroner til arrangement for ei ny regional scene for folkemusikk og folkedans. Dei to siste arrangementa skal i følgje saksutgreiinga «formidle lokal historie og bidra til å skape regional identitet».
Total søknadssum til ordninga Tilskot til kunstproduksjon var langt over midlane som er til rådigheit, den var på 6 617 000 kroner, fordelt på 45 søknader. Av desse blei 24 søkarar tilgodesett.
– Det store talet søknadar viser at aktiviteten på kulturfeltet i Telemark er høg, seier Vågslid.
– Vi er glade for å kunne gi tilskot til 24 av søknadane. Prosjekta er alle av høg kunstnarleg kvalitet, og befolkninga har mykje å sjå fram til i 2024.
Fem søke-kategoriar
2024-potten politikarane løyvde frå i utvalsmøte onsdag, er på 2,2 millionar kroner. Denne summen blir delt på to søknadsrundar, og fordelt etter retningslinjer vedtatt av førre utval i 2021. Dei seier at ein kan søke på kategoriane produksjonsstøtte, arrangørstøtte, arrangementsstøtte, festivalstøtte eller reisestøtte.
– Den breie innretninga på ordninga fører til at både aktørane som programmerer og kunstnarane sjølve kan søke om tilskot, seier Vågslid.
– Dermed blir det skapt ny kunst, og ein sørgjer for at kunsten blir formidla til publikum. Til saman bidrar dette til eit attraktivt og levande kulturfylke.
Blant arrangørane som fekk stønad, er Spriten kunsthall i Skien og Stiftelsen Kunsthall Grenland. Nutheim kunstsenter i Flatdal, Stiftinga Telemarkskanalen og fleire jazzaktørar.
Her kan du lese om alle som søkte, kven som fekk og kven som fekk avslag