Klimabarometeret 2023

Kva skjer der ute blant medlemmene i klima- og energinettverket i Vestfold og Telemark? I Klimabarometeret 2023 kan du sjå kor mykje dei har klart å kutte utsleppa sine av klimagassar. Rapporten tek også temperaturen på arbeidet i nettverket.
Medlemmene i klima- og energinettverket i Vestfold og Telemark kutta klimagassutsleppa sine med heile åtte prosent i 2022, samtidig som aktivitetsnivået var på veg tilbake til normalen etter pandemien.
Medlemmene i klima- og energinettverket i Vestfold og Telemark kutta klimagassutsleppa sine med heile åtte prosent i 2022, samtidig som aktivitetsnivået var på veg tilbake til normalen etter pandemien. (Foto: Morten Fredheim Solberg)

Klimabarometeret oppsummerar klimarekneskapen til mange av medlemmene i klima- og energinettverket. Rapporten summerer opp resultatet av alle klimatiltak frå 2022. Og det korte svaret er at arbeidet gjev gode resultat. 

For å nå klimamåla til Noreg må alle bidra. Kvart tonn tel. Klimabarometeret viser at medlemmene si innsats er på rett veg og at det hjelp å være del av eit nettverk. 

Du finn Klimabarometeret 2023 her

Publisert: 05.03.2024 Oppdatert: 05.03.2024 kl.15:17