Topplederforum 2025 - i Horten

Topplederforum i 2023 Foto: Foto: Morten Fredheim Solberg

Av:

Solveig Prestegard

Publisert:

13.12.2024

Oppdatert:

11.01.2025 kl.14:33

Velkommen til Topplederforum 2025 for Klima- og energinettverket i Vestfold og Telemark! Topplederforum vil foregå på Thon Hotel i Horten, tysdag 14. januar. Vi gler oss til å samle leiarar frå kommunar, privat næringsliv og akademia til ein frisk klimastart på det nye året, med inspirasjon, erfaringsutveksling og kunnskapspåfyll. Velkommen!

Topplederforum er ei årleg samling for toppleiarane i kommunane, akademia og dei private verksemdene som er med i Klima- og energinettverket. Arrangemenet er for medlemmer i nettverket og inviterte. 

På Topplederforum vil du få oppdatert kunnskap om klima og klimapolitikk, konkrete og praktiske døme på gode klimaløysingar og inspirasjon til å gjennomføre eigne tiltak. Vi vil særleg løfte fram gode eksempel på klimatiltak frå dei mange medlemma i nettverket. Vi lovar ein dag med inspirasjon og pågangsmot til å halde oppe klimaarbeidet i det nye året!   

I tillegg er vi glade for å annonsere at Fylkesordførarane i både Vestfold og Telemark vil delta.  

Stad: Thon Hotel Horten. 

Tid:

  • Topplederforum tirsdag 14. januar frå klokka 10.00-15.30. 
  • Felles middag mandag 13. januar frå klokka 19.00-21.30

Meld deg på Topplederforum og middag via skjema her

Konferansier for dagen: Kristin Vedum, InnoTre 

 

PROGRAM 

09.30 - Registrering m/kaffe 

10.00 - Velkommen til Topplederforum v/Fylkesordførar i Vestfold, Anne Strømøy. 

10.15 - Velkommen til Horten v/ Ordførar i Horten, Christina Marie Bratli  

10.20 - Korleis går det eigentleg med det grønne skiftet? v/ dagleg leiar i Zero, Stig Schjølset 

10.55 - Pause

11.10 - Natur, klima og smart arealbruk. Dilemma, kunnskap og løysingar.

v/ Forskningsdirektør Dagmar Hagen i Norsk Institutt for Naturforskning. (NINA)  

11.35 - Panelsamtale 

12.00 - Felles bilete

12.15 - Lunsj 

13.00 - Grønt Landtransportprogram - på veg mot ei utsleppsfri transportnæring? v/ Ingelin Noresjø, daglig leder i Grønt Landtransportprogram 

13.20 - Grønne løysingar frå Vestfold og Telemark! 

Vi set fokus på dei grønne løysingane i nettverket, og vil særkilt feire at to av medlemma i nettverket fekk pris under "Årets lokale klimatiltak" på Zerokonferansen i oktober. Her vil du m.a. få høyre om:  

  • Klima- og arealarbeidet i Horten kommune 
  • Påbygg i høgden med trekonstruksjonar, ved InnoTre 
  • Energieffektive tiltak i Skien kommune (2. plass i "Årets lokale klimatiltak") 
  • "Drit i energi" - prosjekt i Kvitseid kommune (3. plass i Årets lokale klimatiltak) 

14.15 - Kaffepause 

14.30 - Panelsamtale  

15.00 - Takk for i dag v/ Fylkesvaraordførar i Telemark, Terje Riis-Johansen  

 

Om Klima- og energinettverket

Klima- og energinettverket i Vestfold og Telemark er eit nettverk for offentlege og private verksemder for å få oppdatert kunnskap om klima og konkrete løysingar for å kutte utslepp. Nettverket skal vere ein stad for læring, erfaringsdeling og inspirasjon. 

Etter fylkesdelinga er Klima- og energinettverket oppretthaldt som eit nettverk som inkluderer begge fylka. Klima- og energinettverket har omlag 64 medlemmer, og er ein del av Klimapartnere-nettverket nasjonalt.