Kulturtilbod for barnehagar

Den kulturelle skulesekken har eit godt kulturtilbod for barnehagar.
Mann med gitar spiller for barn
Henning Waaler Kemp fra Plopp spiller konsert i barnehage.
Foto: Kristin Berge

Telemark fylke har hatt barnehagekonsertar sidan 1990-talet, og gradvis har ordninga blitt utvida til å omfatte fleire kunstuttrykk, som scenekunst, litteratur og visuell kunst. 

Varierte kulturopplevingar opnar nye verder og inspirerer til kreativitet og læring. Felles opplevingar gir felles referansar, og styrkjer inkludering, fellesskap og samhald. Ved å spreie tilbodet ut til heile fylket, bidreg ordninga til å jamne ut både sosioøkonomiske og geografiske forskjellar.

Kulturtilbod for barnehagar har lenge vore eit prioritert tiltak i Telemark fylkeskommune og målet er at alle barn får kulturelle opplevingar av høg kunstnarisk kvalitet i trygge omgivnader (sin eigen barnehage).

I 2024 vart det vist 185 framsyningar for eit samla publikumstal på nær 6 000 barn i aldersgruppa 3-6 år. 122 barnehagar (77 prosent) tok del i ordninga, og dei fleste fekk to kulturopplevingar. I snitt fekk kvar barnehage 1,5 kulturopplevingar frå Den kulturelle skulesekken (DKS) i Telemark.

Kulturtilbodet for barnehagar blir finansiert med fylkeskommunens eigne midlar, i påvente av ei nasjonal ordning.

Rønnaug Flatin
Rådgiver kultur / DKS grunnskole og barnehage

 

Publisert: 27.11.2023 Oppdatert: 28.10.2025 kl.16:09