Føremålet med regionalt planforum er å skape ein arena der statlege, regionale og kommunale interesser i konkrete plansaker skal bli klarlagde og freista samordna.
Møtedagar og fristar
Regionalt planforum har fast møtedag annan kvar onsdag, i partalsveker, mellom 09.00 – 11.00 og 12:00-14:00. Dersom datoen kjem på ein raud eller inneklemt dag, går han ut. Det er heller ikkje sett av møtetid i ferievekene i juli. Vinterferien er veke 8 og haustferien er veke 41 i Telemark fylke
Vi vil primært nytte digitale møte via Teams eller fysisk i fylkeshusa (Skien eller Seljord). Fylkeskommunen kallar inn ved førespurnad. Kommunen avtaler behov for eventuelle planforum som gjeld kommunal planlegging. Innkallinga vil kome via email, og denne skal vere tydeleg på kvar møtet er.
Telemark fylkeskommune fortsett å arrangere planforum i partalsveker. Sjå møtekalender under. Andre møtedagar kan avtalast dersom det er teneleg totalt sett.
Frist for å melde opp sak inkludert bakgrunnsmateriale er seinast 14 arbeidsdagar før møtetidspunktet. Ta helst kontakt for å avtale dato!
Møteplan våren 2025
Måned | Dato | Dato | Dato | Dato | Dato |
Januar | 22.01 | ||||
Februar | 05.02 | Vinterferie | |||
Mars | 05.03 | 19.03 | |||
April | 02.04 | Påskeferie | 30.04 | ||
Mai | Fagdag | 28.05 | |||
Juni | 11.06 | Ferie |
Møteplan høsten 2025
Måned | Dato | Dato | Dato | Dato | Dato |
Juli | Ferie | Ferie | |||
August | Ferie | 20.08 | |||
September | 03.09 | 17.09 | |||
Oktober | Politisk møte | 15.10 | 29.10 | ||
November | 12.11 | 26.11 | |||
Desember | 10.12 | Juleferie |
Førebuing
I regionalt planforum vert regionale og kommunale planar etter plan- og bygningslova (pbl) tatt opp. Planane kan vere på ulike trinn i planprosessen. Statlege, regionale og kommunale interesser vert løfta fram og søkt samordna.
Kommunen melder inn sak og fremjer ynskje om deltakeres. Jo tydelegare probemstillingane er formulerte i på meldingsskjemaet, dess betre har dei ulike aktørane høve til å førebu seg på rett nivå.
Her er lenker til informasjonsskriv og påmeldingsskjema:
Informasjon om Regionalt planforum
Påmeldingsskjema til Regionalt planforum 2025 (word)
Slik er regionalt planforum organisert
Telemark fylkeskommune leier regionalt planforum og er sekretariat. Statlege og regionale organ og kommunar som er direkte ramma av den aktuelle saka skal delta. Representantar for tilgrensande interesser i saka kan også delta på møtene i planforumet. Kommunen fremjer ynskje om kva dei vil diskutere og kven dei ynskjer skal bli invitert til planforum.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er fast deltakar i regionalt planforum. Statens vegvesen, Mattilsynet og Norges vassdrags- og energidirektorat og Bane NOR med fleire møter når planane gjeld deira fag- og sektorinteresse. Dei offentlege organa vert kalla inn etter beste skjønn, og representantane må sjølv vurdere om det er ei relevant sak å delta i.
Mål for regionalt planforum
Forumet skal:
- vere eit samarbeidsorgan for å gjere plansaksbehandlinga effektiv og føreseieleg. Målet er såleis å minske konfliktnivå og legge til rette for å utvikle gode planar, og auka samordning mellom lokalt, regional og nasjonalt nivå.
- bidra til større forståing for bakgrunn og syn hjå dei ulike nivåa og fagområda.
- formidle nasjonale og regionale føringar, føresegner og retningsliner
- stimulere til harmonisering av planar, både mot andre kommunale planar og mot regionale planar.