Kleivane på fylkesveg 450 i Eidsborgberget har dei siste åra vore gjenstand for stor merksemd. I tillegg til sikringa av to svingar i eigne prosjekt, har heile strekninga vorte granska og vurdert for kva som må til for å auke tryggleiken med tanke på ras. I 2024 vart første del av eit stort sikringsarbeid til 42 millionar kroner ferdig. No i 2026 skal den andre delen av dette svært omfattande arbeide bli utført.
Veldig bratt terreng
Det er eit komplisert arbeid som skal gjerast i veldig bratt terreng. Heile strekninga i kleivane er kartlagd og undersøkt slik at vi kan setje inn best mogleg tiltak. Langs heile strekninga der det ikkje vart utført arbeid i fase 1, vil terrenget no reinskast og blir rydda der det er behov. Røter til plantar og tre som veks i skråningane vil over tid sprengje seg sprekkar i berget. Sprekkane skaper rom for regnvatn som igjen frys og sprengjer i berget. Når dette held på ei stund, kan det resultere i at steinar losnar og fell ned. Derfor er det viktig å halde orden på vegetasjonen, men i same omgang vil også løyse massar og steinar bli teke ned og fjerna.
Fire meter boltar
Skråningane vil bli sikra på ulikt vis ettersom kva behovet er. Der det er nødvendig vil det bli sett inn lange boltar på opp til fire meter, for å sikre steinblokker. Andre stader vil det bli lagt store lausmassenett, dette er wirenett med tekstil, slik at dei ser ut som store armerte, teppe.
Nedre Snippesvingen er trong, derfor vil vi her flytte vegen om lag tjue meter inn i fjellet på oversida av svingen. For å få til dette må vi naturleg nok sprengje relativt omfattande i fjellet. Skjeringa vil bli opp til rundt 25 meter, derfor vil ho bli sprengd i fleire pallar slik at ho vil få tre «trappetrinn».
Stanser steinsprang
Heilt mot slutten av kleivane vil det bli sett opp eit gjerde for å stanse eventuelle steinsprang. Dette gjerdet vil bli rundt 150 meter langt.