Dagens bru er både gammal og sliten, derfor er det nødvendig at ho blir pensjonert. På grunn av den dårlege tilstanden er maksimal aksellast åtte tonn. Fylkesveg 450 byrjar i krysset med europaveg 134 i Høydalsmo og held fram ned Eidsborgberget til Dalen og vidare ut av Telemark via Skafsåheia. Vegen er dermed starten på den populære turistvegen gjennom Suleskar til Rogaland.
Visuelle kontroller
Brua er dårleg og det er derfor utført visuelle kontrollar av den som tyder på at ho vart dårlegare i løpet av vinteren 2024/2025. Vi verste fall kan det bli aktuelt å setje inn hastetiltak.
Tidlegare var det aktuelt med eit lengre alternativ utanom busetnaden nære dagens bru, men mellom anna på grunn av det ville bety eit omfattande inngrep i myrområde, vil det bli ny bru omtrent der gamlebrua er.
Ny veg
Når brua blir blir erstatta vil det samtidig byggjast ny veg frå kryssa med Brynesteinsvegen og vidare forbi nybrua og vel 200 meter ned mot Eidsborgkleivane. Medan dagens veg her er frå 4,5 til 6 meter vil heile den nye strekninga ha ei breidd på 6,5 meter med skulder. På denne strekninga vil det vere nødvendig å sprengje ein del inn i fjellet.
Viss alt går etter planen vil endeleg reguleringsplan bli vedteken før sommaren 2026. Etter det vil arbeidet med grunnlaget for anbodskonkurranse og grunnerverv ta til. Detaljerte byggjeplanar er allereie i arbeid.
Forventa byggjestart vil då kunne bli i 2027-28.