Dagens bru er både gammal og sliten, ho skal derfor pensjonerast. På grunn av den dårlege tilstanden er maksimal aksellast 8 tonn. Vegen er smal og går i dag i krappe svingar tett på busetnaden i området, rett nedanfor Eidsborg stavkyrkje. Fylkesveg 450 byrjar ved krysset med europaveg 134 i Høydalsmo og held fram ned Eidsborgberget til Dalen og vidare ut av Telemark via Skafsåheia. Vegen blir dermed starten på den populære turistvegen gjennom Suleskar til Rogaland.
Gjennom myr
I staden for å byggja ny bru der dagens bru er, blir vegen planlagd lagt om i ein trasé som unngår dei krappe svingane og busetnaden. Dette betyr om lag 270 meter ny veg, pluss tilpassing inn mot eksisterande veg i kvar ende.
Den nye vegen vil gå gjennom eit myrområde. Det skal også lagast ei fjellskjering.
Kartskissa på denne sida viser området som blir ønskt regulert for å få plass til både vegen og sjølve bygginga av vegen. Etter kvart som arbeidde med planen skrir fram, kan avgrensinga bli endra noko frå kva kartet no viser.
![Reguleringsområdet kan avvike fra kartskissen](http://prokomresources.prokomcdn.no/img/transparent.png)
Ønskjer innspel
Alle som ønskjer kan komma med innspel til planarbeidet som startarn no. Slike innspel kan sendast skriftleg innan 25. mai og merkast «Fv. 450 Vrengen bru» til :
Telemark fylkeskommune, Postboks 2844, 3702 Skien, eller på e-post til: post@telemarkfylke.no.
Innspel kan sendast som kopi til Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen, eller ved e-post til postmottak@tokke.kommune.no.
Innbyggjardialog i 3D
Berre ein gong før har eit nytt interaktivt verktøy også vorte brukt til å samla inn innspel frå byggjarane. Dette verktøyet blir kalla for «Innbyggjardialog i 3D». Dette ligg på ei eiga nettside som du finn ved å trykkja på denne lenkja her. Når du kjem inn på denne nettsida vil du kunna navigera rundt i kartet og studera korleis det ser ut. Ved å peika på eksakt punkt du har eit innspel om, kan du senda innspelet direkte til oss. Eller du kan berre senda innspel om heile planen om du ønskjer det.