Når skal du ta kontakt for akutthjelp?
Hvis du eller barnet ditt:
- Har vore utsett for fall eller anna ulykke med tannskadar
- Har fått hevelse eller ein akutt betennelse, med eller utan smerter eller feber
- Har fått sterk tannverk og smertestillande ikkje hjelper
Akutthjelp ved offentleg tannklinikk
Dei offentlege tannklinikkane tilbyr akutthjelp til pasientane sine i åpningstida til klinikken. Ring oss så fort du har eit akutt problem, så vurderer vi behovet for time saman med deg.
Akutthjelp ved tannlegevakt i helger og høgtider
Tannlegevakta tilbyr berre nødvendig førstehjelp. All vanleg tannbehandling må bli utført ved den tannklinikken du er pasient. I helger og høgtider ringer du tannlegevakta, så vurderer tannlegen om du treng akutt tannbehandling eller om du kan vente til vanleg åpningstid.
Kva kostar tannlegevakta?
- Akutthjelp er gratis for prioriterte pasientgrupper som har rettar etter tannhelsetenestelova. Det vil seie dersom du til vanleg har gratis behandling hos den offentlege tannhelsetenesta.
- Personar som er 19 og 20 år betalar 25 prosent av kostnader for akutthjelp.
- Alle andre personar betalar for akutthjelp etter eigne takstar. Takstane finn du på heimesida til tannlegevakta.
Kontaktinformasjon tannlegevakta
Telemark tannlegevakt.
Sentrum tannklinikk Porsgrunn AS
Hjemmeside: Sentrum Tannklinikk Porsgrunn
Tannlegane Aiste Akrame Aasen og Laila Brøndbo deler på vaktene. For å få informasjon om kvar vakta held til, kan du ringje telefonnummer 909 13 377 eller 404 55 514. Det er viktig at du ringer før du kjem.
Dersom tannlegen ikkej svarar, kan du sende ein tekstmelding til same nummer slik at tannlegevakten kan ringe deg opp att.
Opningstider:
Lørdager, søndager og heilagdagar, fra kl. 10.00–14.00.
Opningstider:
Laurdagar, søndagar og heilagdagar, frå kl. 10.00–16.00.
Råd ved tannskader
Her kan du lese råda våre ved tannskadar.