Har du gløymt timen?

Dette må du gjere dersom du gløymer tannlegetimen.

Sei frå så raskt som mogleg

Ring tannklinikken så raskt som mogleg om at du ikkje kan kome. Då får vi sjansen til å kalle inn andre pasientar, og på den måten sikre best mogleg teneste for deg som bur i fylket.

Ikkje møtt eller avbestilling seinare enn 24 timar før timen startar

Dersom du er ein betalande pasient som ikkje møter opp eller melder avbud seinare enn 24 timar før avtalt time, må du betale eit gebyr for tida som er sett av til deg. Gebyret er basert på gjeldande takstar. 19- og 20-åringar må betale 25 prosent av gebyret. 

Når får eg ny time? 

Hugs, at dersom du ikkje kjem til avtalt time, har du sjølv ansvar for å bestille ny. Det gjeld også om du er forelder eller føresett for ein pasient. Ny time avtalar du direkte med tannklinikken din. 

Publisert: 09.10.2019 Oppdatert: 21.09.2021 kl.10:32