Kva kostar det?

Her finn du oversikt over prisar for tannbehandling ved dei offentlege tannklinikkane i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Nokon har rett til gratis tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta. Kven det gjeld kan du lese om her.

Prisliste 2025

 
Type behandling Timespris Stykkpris
Undersøking tannlege    807
Undersøking tannpleiar    807
Undersøking spesialist   1 105
Røngten pr. bilde   149
Lita fylling   1100
Middels fylling   1 642
Stor fylling   2 068
Bedøving   210
Fjerning av tann, enkel   1 145
Førebyggande behandling tannlege 2 639  
Førebyggande behandling tannpleiar 1 643  
Heilkrone*   5 247
Heilprotese, ein kjeve*   9 540

 

  • Timepris: Ved behandling som varer inntil ti minutt, kan det bli tatt betaling for ti minutt. Behandlingar som varer lenger enn ti minutt kan det blit tatt betaling per påbyrja fem minutt.
  • Merknad/*: I takstane inngår det nødvendig midlertidig beskyttelse av preparering. Eventuelle ekstra konsultasjonar og røntgen før behandling og utgifter til porto/frakt, gull, tenner og tannteknikar kjem i tillegg.
  • Betaling: Prisane forutset kontant betaling. Kvittering skal vere spesifisert. Før behandling startar skal tannlegen gi eit overslag over kostnadene. Er kostnadene over 5000 kroner skal overslaget bli utforma skriftleg.
  • Anna: Betalande pasientar som uteblir eller melder avbud seinare enn 24 timar før avtalt time, må betale 943 kroner for uteblitt time.


Dekning av reise?

Nokon kan ha rett på å få dekt reisa til tannlegetimen. Her finn du informasjon om dekning av reiseutgifter.


Dårleg råd?

Har du dårleg råd, er det mogleg å søke økonomisk stønad frå NAV.

Informasjon om økonomisk sosialhjelp finn du på nav.no.

Retningsliner for økonomisk støtte til tannbehandling (.pdf)


Takster

Helsedirektoratets takstar for tannbehandling

Komplette takster 2025 med rettleiingshefte

Publisert: 09.10.2019 Oppdatert: 02.01.2025 kl.08:42