Treng du akutt hjelp?

Dei offentlege tannklinikkane tilbyr akutthjelp til pasientane sine i åpningstida til klinikken. Ring oss så fort du har eit akutt problem, så vurderer vi behovet for time saman med deg. I helger og høgtider tar du kontakt med tannlegevakta for akutthjelp.

Når skal du ta kontakt for akutthjelp?

Hvis du eller barnet ditt:

  • Har vore utsett for fall eller anna ulykke med tannskadar
  • Har fått hevelse eller ein akutt betennelse, med eller utan smerter eller feber
  • Har fått sterk tannverk og smertestillande ikkje hjelper

Akutthjelp ved offentleg tannklinikk

Dei offentlege tannklinikkane tilbyr akutthjelp til pasientane sine i åpningstida til klinikken. Ring oss så fort du har eit akutt problem, så vurderer vi behovet for time saman med deg. 

Akutthjelp ved tannlegevakt i helger og høgtider

Tannlegevakta tilbyr berre nødvendig førstehjelp. All vanleg tannbehandling må bli utført ved den tannklinikken du er pasient. I helger og høgtider ringer du tannlegevakta, så vurderer tannlegen om du treng akutt tannbehandling eller om du kan vente til vanleg åpningstid.

Kva kostar tannlegevakta?

  • Akutthjelp er gratis for prioriterte pasientgrupper som har rettar etter tannhelsetenestelova. Det vil seie dersom du til vanleg har gratis behandling hos den offentlege tannhelsetenesta.
  • Personar som er 19 og 20 år betalar 25 prosent av kostnader for akutthjelp. 
  • Alle andre personar betalar for akutthjelp etter eigne takstar. Takstane finn du på heimesida til tannlegevakta.

Kontaktinformasjon tannlegevakta

Tannlegevakta i Tønsberg

Odontia Kaldnes Tannhelse AS

Heimeside: Tannlegevakten i Vestfold

Rambergveien 3, 5. etasje, 3115 Tønsberg 

Telefon 33 69 74 74. Det er viktig at du ringer før du kjem.

Opningstider:

Laurdagar, søndagar og heilagdager, frå kl. 0900–11.00. (til kl. 12.00 for prioriterte grupper).

Tannlegevakta i Tønsberg er stengt julaftan og nyttårsaftan. Les meir om akutt tannbehandling i jula her.

Tannlegevakt i Grenland 

Tannlege Terje Fredriksen AS, Søsterhjemmet

Heimeside: Tannlegevakten i Grenland

Det er tannklinikkane ved Søsterhjemmet tannlegesenter, tannlege Zeyad Abdul-Hamid og Løvetann tannklinikk som driftar vakta. Kvar vakta er, får du svar på ved å ringe på telefon 909 13 377. Det er viktig at du ringer før du kjem.

Dersom tannlegen ikkje svarar, kan du sende ei tekstmelding til det same nummeret, slik at tannlegevakta kan ringe deg opp att.

Opningstider:

Laurdagar, søndagar og heilagdagar, frå kl. 10.00–16.00.

 

Råd ved tannskader

Her kan du lese råda våre ved tannskadar.

Publisert: 09.10.2019 Oppdatert: 21.09.2021 kl.13:06