Trenger du akutt hjelp?

Dei offentlege tannklinikkane i Telemark tilbyr akutthjelp i klinikken si opningstid. Ring oss om eit akutt problem oppstår, så vurderer vi behovet for time saman med deg.

Når skal du ta kontakt for akutthjelp?

Dersom du eller barnet ditt:

  • Har skada tenner/munn på grunn av eit fall eller ei anna ulukke.
  • Opplever hevelse eller ein akutt betennelse, med eller utan smerte eller feber.
  • Har sterkt tannverk som ikkje lindres av smertestillande.

Har du behov for akutt tannbehandling når tannklinikken er stengd? 

Telemark fylkeskommune har frå 01.02.26 ikkje lenger ei offentleg organisert tannlegevakt. 

 

Dersom du treng naudsynt hjelp utanom tannklinikkane si opningstid (på kveldstid, helger og heilagdagar) kan du forsøke å opprette kontakt med ein tannlege for hjelp. Lukkast du ikkje med dette, ta kontakt med legevakta.  

 

Nokre private tannlegar har frivillig meldt inn at dei kan kontaktast ved akutt behov. Desse tannlegane er ikkje tilsette i fylkeskommunen, og fylkeskommunen er ikkje ansvarleg for prisar eller behandling som blir tilbydd gjennom dei. Fylkeskommunen kan heller ikkje påverke deira grad av tilgjenge.  
 

 

Liste over private tannlegar som kan kontaktast ved akutt behov:  

 

  • Sentrum Tannklinikk PorsgrunnAdresse Storgata 146, 3915 Porsgrunn. Heimeside: Sentrum Tannklinikk Porsgrunn. Kontaktinfo Aiste Akrame Aasen, tlf. 40455237 
  • Løvetann Tannklinikk, Porsgrunnsvegen 188, 3735 Skien. Heimeside: Løvetann TannklinikkKontaktinfo Laila Brøndbo, tlf. 46512200 og 90913377 

 

Lista er basert på frivillig innmelding. Fylkeskommunen anbefalar ikkje enkeltaktørar.   

 

Kva kostar behandling h privat tannlege?  

Prissettinga blir gjort av den behandlande tannlegen.  

Du betalar den private tannlegen direkte for tenesta du får.  

 

Dekning av utgifter ved akutt tannbehandling  

Nokre pasientgrupper har lovfesta rett til naudsynt akutt tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta.  

Dersom du høyrer til ei slik gruppe, kan dsøke fylkeskommunen om refusjon av utlegg. 

 

For å søkje om å få attende pengar for utlegg, ber vi deg fylle ut dette skjemaet: Refusjonsskjema

Skjemaet leverer du til den offentlege tannklinikken du soknar til.

Du må òg leggje ved original kvittering og ei spesifisert faktura som viser kva behandling du har fått.

Fylkeskommunen vurderer kvar sak etter gjeldande regelverk.

Råd ved tannskader

Her kan du lesa våre råd ved tannskader.

Publisert: 09.10.2019 Oppdatert: 14.11.2019 kl.08:44