Når skal du ta kontakt for akutthjelp?
Hvis du eller barnet ditt:
- Har skada tenner/munn på grunn av eit fall eller ei anna ulukke.
- Opplever hevelse eller ein akutt betennelse, med eller utan smerte eller feber.
- Har sterkt tannverk som ikkje lindres av smertestillande.
Akutthjelp i klinikkenes opningstid
Dei offentlege tannklinikkane tilbyr akutthjelp til pasientane sine i klinikkens opningstid. Hvis du treng akutthjelp, ring din offentlege tannklinikk umiddelbart. Vi vil vurdere saman med deg om du treng ein time.
Akutthjelp ved tannlegevakt i helger og høgtider
Tannlegevakta tilbyr kun naudsynt førstehjelp. All vanleg tannbehandling må utførast ved den tannklinikken der du er pasient. I helger og høgtider ringer du tannlegevakta, så vurderer dei om du treng augeblikkeleg hjelp eller om det kan vente.
Kva kostar tannlegevakten?
- Prioriterte pasientgrupper i tråd med tannhelsetenestelova får gratis akutthjelp. Det betyr at hvis du får gratis behandling hjå oss, får du gratis behandling hos tannlegevakta.
- Personar mellom 19 og 26 år betaler 25% av kostnadene for akutthjelp.
- Resten betalar full pris i tråd med tannlegevaktas eigne takstar, som du finn på deira heimesider. .
Kontaktinformasjon tannlegevakta
Tannlegane Aiste Akrame Aasen og Laila Brøndbo deler på vakta. For å bestille time og få vite kven som har vakt den aktuelle dagen, må du ringje 909 13 377 eller 404 55 514. Det er viktig at du ringer før du kjem.
Dersom tannlegen ikkje svarar, kan du sende ei tekstmelding til same nummer, så vil dei ringje deg att.
Merk: Staden for tannlegevakta varierer:
- Dersom Aiste har vakt, er vakta på Sentrum Tannklinikk Porsgrunn, Storgata 146, 3915 Porsgrunn. Heimeside: Sentrum Tannklinikk Porsgrunn
- Dersom Laila har vakt, er vakta på Løvetann Tannklinikk, Porsgrunnsvegen 188, 3735 Skien. Heimeside: Løvetann Tannklinikk
Opningstider:
Laurdagar, søndagar og heilagdagar, kl. 10.00–14.00.
Råd ved tannskader
Her kan du lesa våre råd ved tannskader.