Treng du akutt hjelp?

Dei offentlege tannklinikkane tilbyr akutthjelp til pasientane sine i klinikkens opningstid. Ring oss så fort du har eit akutt problem, så vurderer vi behovet for time saman med deg. I helger og høgtider tek du kontakt med tannlegevakta for akutthjelp. Vår vaktordning heiter Telemark tannlegevakt.

Når skal du ta kontakt for akutthjelp?

Hvis du eller barnet ditt:

  • Har skada tenner/munn på grunn av eit fall eller ei anna ulukke.
  • Opplever hevelse eller ein akutt betennelse, med eller utan smerte eller feber.
  • Har sterkt tannverk som ikkje lindres av smertestillande.

Akutthjelp i klinikkenes opningstid 

Dei offentlege tannklinikkane tilbyr akutthjelp til pasientane sine i klinikkens opningstid. Hvis du treng akutthjelp, ring din offentlege tannklinikk umiddelbart. Vi vil vurdere saman med deg om du treng ein time.

Akutthjelp ved tannlegevakt i helger og høgtider 

 Tannlegevakta tilbyr kun naudsynt førstehjelp. All vanleg tannbehandling må utførast ved den tannklinikken der du er pasient. I helger og høgtider ringer du Telemark tannlegevakt, så vurderer dei om du treng augeblikkeleg hjelp eller om det kan vente.

Kva kostar tannlegevakten?

  • Prioriterte pasientgrupper i tråd med tannhelsetenestelova får gratis akutthjelp. Det betyr at hvis du får gratis behandling hjå oss, får du gratis behandling hos tannlegevakta.
  • Personar mellom 19 og 24 år betaler 25% av kostnadene for akutthjelp.
  • Resten betalar full pris i tråd med tannlegevaktas eigne takstar, som du finn på deira heimesider. .

Kontaktinformasjon tannlegevakta

Telemark tannlegevakt:

Sentrum Tannklinikk Porsgrunn AS

Hjemmeside: Sentrum Tannklinikk Porsgrunn

Tannleger Aiste Akrame Aasen og Laila Brøndbo deler vakta. For informasjon kor vakten er, får du svar på ved å ringe på telefon 90913377 og 40455514. Det er viktig at du ringer før du kjem.

Dersom tannlegen ikkej svarar, kan du sende ein tekstmelding til same nummer slik at tannlegevakten kan ringe deg opp att.

Åpningstider:

Lørdager, søndager og heilagdagar, fra kl. 10.00–14.00.

 

Råd ved tannskader

Her kan du lesa våre råd ved tannskader.

Publisert: 28.05.2019 Oppdatert: 04.06.2024 kl.09:35