- Så vel privatpersonar som velforeiningar og andre private organisasjonar kan søkje om midlar til tiltak som gjer trafikktryggleiken i nærmiljøet betre, fortel Bjørn Richard Kirste og Gro Landsverk Grave i Telemark fylkeskommune.
Delast på fleire
Summen som skal delast ut er til saman 200 000 kroner. For at fleire skal dra nytte av pengane, er det sett eit tak på 50 000 kroner per søknad. Det er også bestemde kriterium som skal oppfyllast. Støtta som blir ytt kan vere inntil 60 prosent av den totale prisen på tiltaket.
Døme på prosjekt som kan søkjast midlar til, er om ein ønskjer å endre den private utkøyrselen sin heime på ein måte som vil gjere det tryggare å bruke han. Eller det kan vere ei velforeining som ønskjer å få gjennomført eit tiltak i nærmiljøet sitt. Kanskje setje opp eit gjerde mellom ein leikeplass og ein veg, eller montrar eit ballnett kan vere eitt anna døme.
Retningslinjer
- Det som er viktig er om tiltaket som skal søkjast støtte til påverkar ein offentleg eller privat veg, må dette avklarast med den rette vegstyresmakta.
Fullstendige retningslinjer for korleis søkje midlane finst på Trafikksikkerhet - Telemark fylkeskommune . Fristen for å søkje om midlane er rett over påske, nærare bestemt 12. april.