Uprisen

Uprisen er ein av dei viktigaste litteraturprisane i Noreg, og det er ungdom sjølve som kårar vinnaren. I løpet av skuleåret deltek mange klasser som kritikarklasser.

Kvart år stemmer ungdommar fram årets beste ungdomsbok, og forfattaren av boka får Uprisen. 

Telemark fylkesbibliotek har oppdraget med å finne klasser og lærarar som vil vere med på kåringa. 

  • Ei klasse er kritikarklasse (to klasser frå Telemark kvart år)
  • Ei klasse er juryklasse (ei klasse frå Telemark anna kvart år) 

Kritikarklassa får 15 bøker dei skal lese og skrive vurdering av. 

Utfrå desse bokmeldingane vel ein jury fem bøker. 

Desse fem bøkene går vidare til ei juryklassa. 

Juryklassa les og vurderer bøkene. Under Litteraturfestivalen på Lillehammer er to frå juryklassen med i ein storjury som avgjer kven som har skrive den beste ungdomsboka. 

Les meir om Uprisen og opplegget i denne saka: Jaktar på kritiske elevar til Uprisen - Telemark fylkeskommune

Her kan du lese om Uprisen 2026 | DenBoka

Vil du melde på klassa di, eller vite meir? Ta kontakt!

Mari Camilla Honningdal

Rådgiver

98885050

mari.camilla.honningdal@telemarkfylke.no

Publisert:

09.03.2026

Oppdatert:

09.03.2026 kl.12:38