Byggesak for kommunar

Me har diverre ikkje kapasitet til å gje uttale til byggesaker. På denne sida finn du difor råd knytt til handsaming av byggesaker på verneverdige bygningar.

Kva saker skal kulturarv i fylkeskommunen ha til uttale? 

  • Tiltak og søknadar om byggeløyve i, eller i nærleiken av, kulturminne som er freda med heimel i kulturminnelova. Fylkeskommunen er sektormynde etter kulturminnelova, og vi skal difor uttale oss i slike saker. Det gjeld uavhengig av om søknaden må vere fremma av ansvarleg føretak eller kan bli utført av tiltakshavar sjølv.
  • Relevante byggesaker innanfor verdsarvområde og buffersona i kommunane Tinn, Notodden og Vinje. 
  • Dispensasjons- og plansaker

Følgande saker skal kulturarv ikkje lengre ha til uttale:

  • Byggesaker på bygg eldre enn 1850, jamfør kulturminnelova §25 (kommunane kan sende inn, men sakane vert ikkje svart ut frå oss).  
  • Byggesaker etter plan- og bygningslova på verneverdige bygg, inkludera NB-område.

I desse sakene må kommunen som kulturmiljømyndigheit etter plan- og bygningslova gjere dei kulturmiljøfaglege vurderingane innanfor rammane til planføresegna, utan å hente råd/uttale frå fylkeskommunen. 

Riksantikvaren sin rettleiar for byggesakar er eit godt verktøy. Den finn du her: riksantikvaren.no

Gode råd og rettleiing

Riksantikvaren har gitt ut fleire rettleiarar. Her er nokre døme:
Det er og mykje nyttig informasjon og råd på nettsida til Bygg og bevar
 

Bygningsvern Telemark - gratis rådgiving til eigarar

Eigarar av verneverdige hus kan få ei gratis synfaring frå bygningsverntenesta i Telemark. Dette er eit lågterskel tilbud som me rår kommunane til å orientere eigarar om. Tenesta vert drifta av Vest-Telemark museum, og er finansert av Telemark fylkeskommune. 

Bygningsverntenesta

 

 

Publisert: 27.01.2018 Oppdatert: 08.05.2024 kl.07:46