Verneverdige bygg og anlegg

Kulturmiljø kan ha ulik vernestatus: Nokre er freda etter kulturminnelova, medan andre er verneverdige. Sjølv om ein bygning eller eit område ikke er freda, kan det ha verneverdi og vere kulturhistorisk viktig.
bilde av gateløp med gamle trehus
Gateparti fra Snipetorp i Skien.
Foto: Ingvild Tjønneland

Rådgiving til eigarar

Eig du eit verneverdig hus, og ynskjer råd om til dømes istandsetting, tilskot eller energitiltak? Då anbefalar vi å ta kontakt med bygningsverntenesta i Telemark for å få ei gratis synfaring. Tenesta vert drifta av Vest-Telemark museum, og er finansert av Telemark fylkeskommune. Du bestiller time gjennom lenka under her.

Bygningsverntenesta

 

 

Vern etter plan- og bygningslova


Kulturminne og kulturmiljø med lokal eller regional verdi kan definerast som verneverdige etter plan- og bygningslova. Bygningar og område kan få vern på fleire måtar:

  • Gjennom kommunen sin kulturminneplan
  • I reguleringsplanar kan einskilde bygningar bli peika på som verneverdige.
  • Større område kan regulerast til omsynssone.

 

Bygningar eldre enn 1850


Bygningar som er eldre enn 1850 blir omfatta av kulturminnelovas § 25. Dersom det skal setjast i verk tiltak som medfører riving eller vesentleg endring av slike bygningar, skal kommunen normalt innhenta uttale frå fylkeskommunen før vedtak fattast. Pr. no har vi ikkje kapasitet til å handsame desse sakane. Det er difor kommunane som må ivareta det kulturhistoriske verdiane etter plan- og bygningslova.

 

SEFRAK-registeret


SEFRAK er eit landsdekkjande register over eldre bygningar og andre kulturminne. Registreringa vart utført i perioden 1975-1995. SEFRAK-registeret er nyttig for kommunane og kulturminneforvaltninga.

Dei fleste bygningar frå før 1900 er SEFRAK-registrert. Det inneber ikkje at bygningen har eit formelt vern, men er ein indikasjon på at han kan vera verneverdig.


 
 

Publisert: 11.06.2019 Oppdatert: 08.05.2024 kl.07:51